Informasjon om skuleskyssElevar som går på 1. trinn har rett på gratis skuleskyss dersom avstanden mellom heimen og skulen er over 2 km.Elevar som går på 2. - 10. trinn har rett på gratis skuleskyss dersom dei bur meir enn 4 km. frå skulen.Dette krev ikkje søknad, då det vert registrert av skulen.Rett til skuleskyss er regulert i opplæringslova § 4-1. I nokre tilfeller kan elevar ha rett på gratis skuleskyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg eller funksjonshemming, skade/sjukdom. Då må ein søkja via dei ulike søkeportalane under.___________ Ordinær skuleskyssElevar som har rett på skuleskyss får utlevert busskort av kontaktlærar første skuledagen eller så snart skulen har motteke korta.Gratis skuleskyss gjeld til og frå ordinær start- og sluttid på skulen. Det vert ikkje innvilga fri skyss til og/eller frå SFO. Skuleskyssen vert organisert av fylkeskommunen v/Skyss og i hovudsak som kollektivtransport.Elevar som ikkje har rett på gratis skuleskyss kan òg nytta seg av skulebussen, men må betala sjølve. Sjå Skyss.no for prisar.Om særleg farleg og vanskeleg skulevegI nokre tilfelle kan elevar ha rett på gratis skuleskyss på grunn av særleg farleg og vanskeleg skuleveg utan omsyn til veglengda. I Trafikksikringsplan for Kvam herad er det vedteke at ei trafikkfagleg nemnd skal vurdera særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Nemnda har årleg vurdering/gjennomgang av skulevegar som kan vera særleg farlege eller vanskelege. Intensjonen med å ha ei trafikkfagleg nemnd i samarbeid med Statens vegvesen og politiet, er å sikra at Kvam herad har ei rettferdig og lik sakshandsaming i heile kommunen når det gjeld skuleskyss-søknader på grunn av særleg farleg og vanskeleg skuleveg. Elevar som ferdast i trafikken vil alltid vera utsett for ein viss fare. Dette er likevel ikkje nok til å få innvilga skyss, då det må vera tale om ein «særleg risiko». Ved søknader om særleg farleg eller vanskeleg skuleveg skal ein vurdera tilstanden til skulevegen. I samband med dette vert følgjande moment vurdert: Vegstandard Trafikkmengd Kryssing av veg Fart Val av veg Vegforhold etter årstidene Individuell vurdering/alder Etter lova kan ikkje Kvam herad gjera eit samla vedtak om at barna som bur langs ein skuleveg skal få innvilga skuleskyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. Kommunen har plikt på seg til å handsama like saker likt, samtundes er det ei plikt å vurdera kvar søknad individuelt. Søknad særleg farleg eller vanskeleg skulevegSideveg Dersom skulevegen er meir enn 2 km (1.trinn) eller 4 km (2. – 10.trinn), og de meiner skulevegen fram til eleven kjem seg på bussen, er særleg farleg eller vanskeleg: fyll ut Skyss sitt skjema for søknad om skuleskyss grunna særleg farleg skuleveg. Dette skjemaet skal leverast på skulen. Det er Skyss som skal behandla denne søknaden. Hovudveg Dersom skulevegen er mindre enn 2 km (1.trinn) eller 4 km (2. – 10.trinn), og de meiner at skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, er det Kvam herad som skal handsama søknaden. Me ber dykk då søkja via det digitale skjemaet til Kvam herad. For å få tilgang til skjemaet må de logga dykk på med bank-ID eller tilsvarande. Delt bustad For elevar med delt bustad (mor og far ha ulik adresse, og barnet/ungdomen bur begge stader) som skal ha eller det vert søkt om skuleskyss for, ber me dykk fylla ut skjemaet "Avtale om delt bustad" frå Skyss og levera det på skulen. Me ønskjer også at de bruker dette skjemaet både ved ordinær skyss eller skyss grunna særleg farleg eller vanskeleg veg. Skuleskyss for elevar med funksjonshemming eller skade/sjukdomSkuleskyss for funksjonshemma eller midlertidig skada/sjuke elevar vert regulert i opplæringslova § 4-1.Elevar som har behov for skyss på grunn av funksjonshemming, midlertidig skade eller sjukdom, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heim og skule. Legeattest må leggast ved søknaden om skyss for midlertidig skada eller sjuke elevar.Elevar som har plass i SFO, og som har behov for skyss på grunn av funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom, har rett til skyss til og frå skulefritidsordninga. Retten omfattar ikkje skyss i skuleferiane.Søknad om rett til gratis skuleskyss på grunn av funksjonshemming eller midlertidig skade/sjukdom skal sendast til rektor på skulen som eleven går på.___________ Nyttige lenker:Følg denne lenka til Trygg trafikk sin rettleiar om særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.Her finn du meir informasjon om kva det vil sei at me er eit Trafikksikkert herad. Rettleiar for skuleskyss i grunnskulen - Skyss Publisert av Astrid-Anett Steine Sist endra 26.06.2025 10:48