Frå 1. august 2009 gjeld følgjande retningsliner for kva område som soknar til den enkelte grunnskule i Kvam.
Kvam heradsstyre vedtok endringar i krinsgrensene i sak 15/25. Utdrag frå vedtaket er inkludert i teksten under.
Barnesteget:
Ålvik skule
Barn busette frå grense mot Granvin (Voss) herad til og med Ytre Ålvik. Området er identisk med opptaksområdet til Ålvik skule. Gjeld frå skuleåret 2009/10.
Øystese barneskule
Barn busette på strekningen Steinstøberget - Kaldavadet - Bjelkaneset - Nes. Området er identisk med opptaksområdet til tidlegare skular Fykse skule og Øystese barneskule. Gjeld frå skuleåret 2007/08.
Norheimsund skule
Barn busette på strekninga Vangdalsberget – Tørvikbygd – Heradstveit - Eide/Åse (tidlegare Tørvikbygd skule opptaksområde) - Mo (Steinsdalen) – Kvamskogen, mot grense Samnanger kommune, Nes – Norheimsund – Kaldestad, strekningen Skiftesgjel ved Kaldestad – Vangdal. Opptaksområdet omfattar og Seland og Tolomarka. Gjeld frå skuleåret 2025/2026.
Strandebarm skule
Barn busette på strekninga Vangdalsberget – Tørvikbygd – Heradstveit - Eide/Åse (tidlegare Tørvikbygd skule opptaksområde) - Ljones – Røyrvik - Linga – Bakkaskogen, Dysvik – Våtavik og strekninga Nybru - Nes - Leirstein – Gravdal. Gjeld frå skuleåret 2025/2026.
Elevar frå tidlegare Tørvikbygd skulekrins vil frå skuleåret 2025/2026 ha høve til å velja om dei vil ha Strandebarm skule eller Norheimsund skule som sin nærskule.
Ungdomssteget:
Kvam ungdomsskule
Frå skuleåret 2025/2026 gjeld det elevane frå Ålvik skule, Øystese barneskule, Norheimsund skule. (Elevar frå Tørvikbygd som har starta på Norheimsund skule, fullfører ungdomsskulen ved Kvam ungdomsskule).
Strandebarm skule
Frå skuleåret 2025/2026 gjeld det elevane frå Strandebarm skulekrins. (Elevar frå Tørvikbygd som har starta på Strandebarm skule, fullfører ungdomsskule ved Strandebarm skule.
Vedteke i Kvam heradsstyre 10. mars 2009.
Endring vedteke i Kvam heradsstyre 20. mars 2025. Heile vedtaket finn du her
Forskrifta er gitt med heimel i Opplæringslova §8-1 og i samsvar med saksgang gitt i Forvaltningslova §§ 37-40