Permisjon frå skulenDu kan søkja om permisjon frå skulen. Rektor kan gje ein elev permisjon frå skulen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg slik det står i opplæringslova § 2-2. Rektor kan ikkje innvilga permisjon for meir enn 10 dagar per skuleår. Når har elevar rett på permisjon?Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til permisjon frå skulen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunna følgja med i opplæringa på skulen etter fråværet. Det kan vera grunnlag for å gje permisjon ved andre høve, som til dømes: Deltaking i politisk arbeid (t.d ungdomsrådet)Idrettsarrangement eller andre kulturarrangement der eleven er deltakar på høgt nivå, og det er krav om å reisa bort i opplæringstida. Eleven/føresette må kunna visa fram dokumentasjon på deltaking og arrangement. Gravferd i nær relasjonHelse- eller velferdsårsaker i familien Når får elevar normalt ikkje permisjon?Det bør ikkje gjevast permisjon dersom det i permisjonstida skal gjennomførast: Statlege kartleggingsprøverNasjonale prøverEksamen, både munnleg og skriftlegAndre større prøver og vurderingssituasjonar slik det går fram av terminplan/prøveplan Kvam herad har eigen forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa. Kvam herad oppmodar foreldre om i størst mogeleg grad å leggja feriereiser til dei 14 vekene elevane har fri i eit skuleår.SøknadsskjemaDigitalt søknadsskjema for permisjonNår elevar er borte frå skulen i meir enn ti samanhengande skuledagarDersom eleven skal vera borte frå skulen i meir enn to samanhengande veker (ti skuledagar), må eleven skrivast ut av skulen. Foreldre står då ansvarleg for grunnskuleopplæringa på same måte som ved heimeundervisning. Når eleven kjem attende til skulen vert han skriven inn på ny.KlageYnskjer du å klaga å på vedtak om permisjon må du klaga innan tre veker etter at du har motteke svar på søknaden. Klagen skal sendast til den skulen som har hatt føre søknaden. Alternativ til digital søknad: Standard søknadsskjema for søknad om permisjon for elevar (DOC, 39 kB) Publisert av Astrid-Anett Steine Sist endra 01.09.2025 11:45