PPT

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal samarbeida med og støtta skulane i det førebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. 

PPT er ei lovpålagt teneste.

Dette gjer PPT

  • Støtter og rettleier skulane i å greia ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setja inn tiltak så tidleg som mogeleg når det trengst. 
  • Hjelper til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet vert så inkluderande og godt tilrettelagt som råd. 
  • Utarbeider sakkunnig vurderingar der lova eller forskrift til lova krev det. Det gjeld først og fremst når foreldre eller skule vurderer at eleven har behov for individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare spesialundervisning) for å få tilfredsstillande utbyte av opplæringa. 
  • Før ei sakkunnig vurdering vert gjort, må skulen i dei fleste tilfelle ha sett inn tiltak i ordinær opplæring for å hjelpa eleven, og evaluert desse. 
  • Tilvising skjer alltid i samråd med føresette og elev så langt det er mogeleg, og etter samtykke. Elevar over 15 år skal samtykka til tilvising. 
     

Korleis få hjelp frå PPT?

For støtte og rettleiing i behov for tilrettelegging, kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, kan skulane ta kontakt med PPT og be om det. PPT er også med på spesialpedagogisk team på alle skulane, der lærarane kan ta opp elevar anonymt som dei er uroa for. Etter eit slikt møte kan skulen og PPT saman finna ut om me kan hjelpa innanfor ordinær opplæring eller om eleven bør tilvisast til PPT. Det skjer alltid etter samtykke frå føresette og elev over 15 år. 

Foreldre har også ein sjølvstendig tilvisingsrett og kan ta direkte kontakt med PPT. 

Du finn PPT-kontoret i KFL-bygget i Norheimsund, 2. etasje. Dette er nybygget til rådhuset, Grovagjelet 16. 

 

Skjema i Word-format:

Skjema i PDF-format:

PPT i Kvam herad har eige organisasjonsnummer: 975319091.

Gunvor Frantzen Ulltang
Leiar
E-post
Telefon 91 52 46 02
Mobil 91 52 46 02

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.