Nokre gonger vert både vi og barnet overvelda av kjensler. Kunne du tenkja deg å verta tryggare på korleis møte og forstå barnet ditt?
I regi av Kvam Herad vert det jamleg arrangert foreldrekurs.
Kursa som går både vår og haust er følgjande:
1. Emosjonsfokusert foreldrekurs
Todagarskurs
Foreldrerettleiingskurs til foreldre med born som har lettare enn andre å komme inn i fastlåste kjensler, som dei treng hjelp til å koma seg ut or.
Har du eit barn med emosjonelle vanskar, og du treng rettleiing til korleis du betre kan møta barnet ditt og deira behov?
Emosjonsfokusert tilnærming er forankra i ei tru på at foreldre og omsorgspersonar kan vera den viktigaste krafta for born med psykiske og åtferdsmessige utfordringar.
For: foreldre med born i alderen 4–18 år.
Kursstad:
___________________
2.Tryggleikssirkelen (COS-P):
Dette foreldrerettleiingskurset skal gje foreldre verkty til å forstå betre kva behov born har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjera for å møta desse behova betre. Kurset kan også bidra til eit betre samspel mellom deg og borna dine.
Kurset er basert på utarbeidd videomateriale og drøftingar rundt dette.
2.1 Gruppe for foreldre i barselgruppe:
Kurset går over 4–8 gonger, dagtid, 1,5 time kvar gong.
Kursdatoar: Oppstart haust/vår. Ta kontakt med helsestasjonen. Kursleiarar: Helsestasjonen.
2.2 Gruppe dagtid for foreldre alder 0–18 år:
8 gonger, ca. 2 timar kvar gong.
Kursstad: På rådhuset i Norheimsund.
___________________
3. «Ver med meg» – kveldskurs
4 kveldar, 2,5 time per gong.
Foreldrerettleiingskurs med fokus på tilknyting, samspel og emosjonsfokusert tilnærming.
Også med bruk av tryggleikssirkelen (COS-P), men med preg av førelesing, videoklipp og refleksjon rundt det som vert formidla.
For: foreldre med born i alderen 0–18.
Kursstad: På rådhuset i Norheimsund.
___________________
Familieterapeut Brynhild Eide og spesialpedagog Anne Karin Laupsa NesYnskjer du informasjon eller å delta på foreldrekurs, ta kontakt med kursleiarane seinast ei veke før kursoppstart. Talet på plassar er avgrensa.
Kontaktinformasjon
Anna Mo-Bjørkelund tlf. 908 62 106 anmb@kvam.herad.no
* Hugs å ikkje senda over sensitive personopplysingar.
Du kan også nå familiesenteret via servicetorget til Kvam herad på tlf. 56 55 30 00.