Familiesenteret

Familiesenteret er eit tilbod til familiar med barn i alderen 0–18 år.

Illustrasjonsteikning av familie med to vaksne, to born og hund

Endringar i tilbodet frå 1. september 2025

Lågterskeltilbodet om foreldrestøtte vert avslutta. Tilbodet vart redusert frå 1. mai 2025 grunna omorganisering, og no avslutta grunna innsparingar. Psykologtilbodet vert oppretthalde som tidlegare. Det same gjeld førebyggjande ungdomsarbeid i regi av utekontakten. 

Det vert arbeidd vidare med organisering og prioritering av ressursar slik at kommunen kan halda fram med å ivareta eit lågterskeltilbod i tråd med nasjonale tilrådingar. Me ser om det lèt seg gjera å halda foreldrekurs utpå hausten. 

Innbyggjarar, barnehage, skule og tilsette i helse- og hjelpetenester kan framleis ta kontakt med leiar i familiesenteret ved spørsmål om hjelp og støtte. 

Om tilbodet

Her kan du ta opp uro og omsut for barnet ditt, og få støtte og rettleiing i foreldrerolla. Familiesenteret tilbyr òg samtalar til barn og ungdom som har utfordringar eller psykiske helseplager som dei treng hjelp til å meistra. 

For barn i alderen 0–13 år vert det vurdert om individuelle samtaler er best eller om rettleiing av omsorgspersonane er meir tenleg.

Me veit det kan vera lurt å tala ved nokon når ein har det vanskeleg – og at ein ikkje ventar for lenge før ein gjer so. Ofte skal det ikkje så mykje til og det kan førebyggja vanskar seinare.

På familiesenteret arbeider familierettleiarar, psykolog og utekontakt


Tilbodet ved familiesenteret er gratis.

Familiesenteret oppretter journal til alle som får hjelp. Målet med journalen er at du får fagleg forsvarleg oppfølging og at me overheld dokumentasjonsplikta.

Tilsette har teieplikt. Foreldre og føresette har som hovudregel innsyn i opplysingar som handlar om barnet deira.

Anna Mo-Bjørkelund
Leiar
E-post
Telefon 90 86 21 06
Mobil 90 86 21 06

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.