Søknad om barnehageplass

Bilde av Norheimsund barnehage, med fargerike trial steinar i front - Klikk for stort bilete

_________________________________

I HST møte 19.06.25 vart det vedtatt at barnehagane i Kvam kun skal ha eitt hovudopptak i året med søknadsfrist 01.02. Vedtaket gjeld frå 01.08.25. Ved hovudopptaket gjeld lovfesta rett til barnehageplass jf. lov om barnehagar §16. Barn som står på ventelisa vil få tilbod om plass dersom nokon seier opp plassen i løpet av året. Tildeling skjer ut i frå retningslinjer for opptak jf. vedteker for kommunale barnehagar i Kvam.  

Barnehagesøknad føregår elektronisk, og søknadsskjemaet ligg på heimesida til Kvam herad.

I Kvam herad sitt digitale opptakssystem vil meldingar mellom Kvam herad og føresette føregå på e-post, som til dømes melding om motteken søknad og tilbod om plass. Sjekk at du skriv inn rett e-post adresse.  

Til orientering når du skal søkja 

Du treng ikkje å logga inn for å søkja plass, men du må ha e-post, mobilnummer og fødselsnummer eller ID-nummer. 

Du må vera innlogga for å: 

  • endra/sletta søknad
  • følgja saksgang på søknad
  • svara på tilbod 

Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides). 
 
Søknaden kan ikkje endrast i februar, medan barnehagane jobbar med opptaket.
 

Barnehagar i Kvam: 

Bjørketeigen barnehage, Øystese, styrar Ann-Kristin S. Bråten, tlf. 468 06 904

Sjydnahaugen barnehage, Øystese, styrar Torunn Sørheim, tlf. 950 26 183

Norheimsund barnehage, styrar Karin Træbakken, tlf. 468 65 845

Tørvikbygd barnehage, styrar Gunn Anita Mo, tlf. 941 57 935

Strandebarm barnehage, styrar Marit Linga, tlf. 941 78 356

Ålvik barnehage, styrar Hanne A. Jørgensen, tlf. 950 18 539

Sandven FUS barnehage(privat), Norheimsund, styrar Anette Berg Leiren, tlf. 958 90 138 

For spørsmål knytt til dei ulike barnehagane ta kontakt med styrar i den aktuelle barnehagen. 

For spørsmål knytt til søknad og opptaksprosess ta kontakt med Heidi Milje hemi@kvam.kommune.no, eller Ingunn Mo ingumo@kvam.kommune.no 

Ingunn Mo
Leiar
E-post
Telefon 99 73 87 55
Mobil 99 73 87 55

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.