Manntalskopi

Alle som stiller liste ved val har rett til eitt gratis eksemplar av manntalet.

Krav om manntalseksemplar må fremjast for valstyret i den aktuelle kommunen. Til fylkestingsval og stortingsval må krav difor rettast til valstyra i dei ulike kommunane i valdistriktet.

Framleggstillarane har ikkje krav på meir enn eitt eksemplar av manntalet. Det er likevel ikkje noko i vegen for at dei kan få tilgang til fleire eksemplar dersom dei sjølve dekkjer kostnadene. 

Framleggstillarane har òg høve til å be om utdrag av manntalet over utvalde grupper veljarar, dersom dei sjølve kostar det. Eit typisk døme er oversikt over fyrstegongsveljarar. 

Dersom framleggstillar ynskjer å tinga manntal for Kvam herad, skal kravet rettast til Kvam valstyre innan måndag 11. august 2025 på fylgjande adresse: postmottak@kvam.kommune.no og merkast med: «Stortingsvalet 2025. Krav om manntalskopi. Sak 25/2680»

Retningsliner for utlevering av manntal

Retningslinene for registrerte politiske parti og andre framleggstillarar til å tinga uttrekk frå manntalet og bruket av opplysingane (partitenester).

  • Ein framleggstillar som har fått godkjend ei valliste i fylkeskommunen, kan be den einskilde kommunen om oversikter over utvalde grupper veljarar (typisk fyrstegongsveljarar).
    Eventuelle kostnader dette påfører kommunen, skal dekkjast av framleggstillaren.
  • Materiell som byggjer på manntalet, kan berre brukast til politiske føremål.
    Det er ikkje lov å gje manntalet vidare til utanforståande, med mindre føremålet er politisk arbeid.
    Med utanforståande meiner ein personar som ikkje er medlem av eller har tilknyting til partiet/gruppa.
    Dette er likevel ikkje til hinder for at partia kan la ikkje-medlemmar – til dømes ein datasentral – få tilgang til opplysningane i manntalet for å bearbeide dei til partiet si eller gruppa sitt føremål.
  • Uttrekk frå manntalet skal ikkje nyttast til kommersielle føremål.
    Manntalsopplysingar, eller opplysingar som er baserte på manntalet, skal ikkje seljast eller lånast ut.
    Det er ikkje tillate å knyta manntalet saman med andre offentlege register.
  • Tingingar skal sendast til valstyret i kommunen.
    Tilgangen gjeld hovudorganisasjonen, ikkje ungdomsorganisasjonar.
  • Utlevert materiale skal makulerast eller slettast innan eitt år etter at det vart utlevert.
     

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.