Utekontor i Strandebarm og Ålvik
Kvam ungdomsråd vil påpeike at drifta av utekontora i Strandebarm og Ålvik er svært viktig for å sørgje for at alle innbyggjarane i heradet har enkel tilgang på fastlegeordninga. Utan utekontora vil ein få lange reisevegar og store kostnadar knytt til at ein må ta seg fri frå jobb. For elevar vil det og føre til mykje fråvær som igjen fører til at ein ikkje får med seg det ein skal på skulen. For nokon kan dette vere ei hindring som gjere at dei ikkje vel å gå til legen. Kvam Herad bør ha eit fokus på at alle innbyggjarane har god tilgang på helsetenestene våre. Heradet skal ha eit helsetilbod som når ut til alle innbyggjarane, og det skal ha lite å seie kvar ein bur.
Kvam ungdomsråd sine meiningar til tidlegare vedtekne innsparingstiltak:
Utekontakt:
Eit kutt på 0,7 årsverk vil redusere utekontakten til ei 80 % stilling og gjere det umogeleg å oppretthalda eit forsvarleg tilbod for ungdom i Kvam. Oppsøkande arbeid ute, på skular og på arrangement blir kraftig svekka, og dei mest sårbare ungdommane – som ikkje sjølve oppsøker hjelp – risikerer å falle mellom stolane. Individoppfølging, krisehandtering, samarbeid med politi, skule, barnevern og helsetenester, samt forsvarleg drift av Ungdomsbasen, vil ikkje lenger vere mogleg med berre éin person. Dette er i direkte motstrid til kommunen sine eigne formuleringar i gjeldande
økonomiplan, der det står at forsvarleg drift krev minst to tilsette. I tillegg varslar heradet no generelle kutt i førebyggjande arbeid med barn og unge på 600 000 kroner årleg, noko som ytterlegare svekkjer ungdomsarbeidet i kommunen.
Samtidig satsar staten tydeleg på å styrkje det oppsøkande feltet: KORUS og Helsedirektoratet har frå 2024 etablert ei nasjonal satsing for å byggje opp kompetanse og kapasitet i oppsøkande arbeid. Å byggje ned ein teneste som Kvam har hatt sidan 1992, samstundes som det vert styrkja på nasjonalt nivå, vil framstå som både kortsiktig og lite berekraftig. Utekontakten utfører i praksis mykje arbeid som understøttar kommunen sine lovpålagde ansvar, som tidleg identifisering av ungdom i risiko, deltaking i tverrfaglege vurderingar, arbeid knytt til psykisk helse, rus, kriminalitet og
akutte hendingar.
Dersom tenesta blir redusert til eit minimum, mister kommunen både kompetanse, kontinuitet og relasjonar som tek mange år å byggje opp, og som er heilt avgjerande for at ungdom får hjelp tidleg nok.
Kutta vil også ramme tilliten som ungdom har til kommunen. I ei lokal Facebook-gruppe delte nyleg ein ungdom anonymt kor viktig utekontakten har vore for han, og innlegget fekk stor støtte i form av mange likarklikk og positive kommentarar. Dette viser at utekontakten betyr mykje for dei ungdommane som treng vaksne å stole på – ofte dei same som aldri ville oppsøkt hjelp på eigen hand.
Med berre éi utekontaktstilling forsvinn tryggleik, relasjonar og tilgjengelegheit, og eit av kommunen sine mest kostnadseffektive og førebyggjande tiltak blir kraftig svekka. Kvam ungdomsråd meiner difor at utekontakten må styrkjast, ikkje byggjast ned, dersom Kvam skal vere ein trygg og inkluderande plass å vekse opp og flytte tilbake til.
Kvam ungdomsråd meiner at det er svært viktig å prioritere førebyggjande arbeid og ikkje byggje det ned.
Me viser blant anna til:
- - Kvam herad – Plan for førebygging av sjølvmord og sjølvskading (2025): - Psykiske helseplager fører til redusert livskvalitet, høgt sjukefråvær, stort press på tenestene og høge kostnader for samfunnet. - For å oppnå god psykisk helse…
må i større grad fremjande og førebyggjande tiltak og arbeid ha fokus. - FHI – Folkehelserapporten (FHI) kapittel psykisk helse blant barn og unge: Tidleg
innsats og førebygging reduserer framtidige kostnader i helse- og sosialtenester. - Helsedirektoratet – Psykisk helse i kommunen: Tidleg innsats er kostnadseffektivt og reduserer behovet for spesialisthelsetenester.
- NOVA/OsloMet – Nova rapporter om ungdoms psykiske helse (Bakken, 2023): Kommunar som kuttar førebygging får større behov for hjelpetenester på sikt.
- SSB – SSB rapport 2020: Tidleg innsats og samfunnsøkonomisk gevinst: Tidleg innsats er samfunnsøkonomisk lønnsamt og reduserer kostnader knytt til fråfall, NAV og helse.
- KS – Økonomisk argumentasjon for førebygging: Tidleg innsats er blant dei mest lønnsame velferdsinvesteringane; manglande førebygging fører til høgare kostnader i helse og barnevern. (0,5–1 mill.)
Konsekvensar: Innsparingstiltaket om reduksjon i utekontakten er i strid med måla om å betre psykisk helse i heradet. Forsking viser at kutt i tidleg innsats vil på sikt føre til høgare kostnader, og vil totalt sett vere eit dårleg samfunnsøkonomisk grep.