Innbyggjarframlegg

Er du oppteken av ei sak eller eit tema, kan du fremja eit innbyggjarframlegg. Slik kan du setja nye saker på den politiske dagsordenen i Kvam.

Innbyggjarframlegg er eit verkemiddel for å fremja nye saker, ikkje for å ta avgjorde saker opp på nytt. Dersom du sankar nok støtte til og fremjar eit framlegg, er heradsstyret plikta til å ha det føre innan seks månader.

Slik sender du inn eit innbyggframlegg:

  • Skriv tydeleg kva framlegget handlar om.
  • Skaff underskrifter frå personar som stør framlegget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. 
  • For å vera gyldig, må minst 2 prosent av dei som bur i kommunen, stø framlegget, dvs. 170 underskrifter per andre kvartal 2020.
  • Framleggsstillar og dei som skriv under, må vera busette i Kvam, men treng ikkje vera fylt 18 år.
  • Du kan bruka nettportalen misak.no til setja fram saker og samla underskrifter.
  • Framlegget kan berre havast føre éin gong i løpet av ein valperiode, her kan heradsstyrert gjera unntak.

Sjå òg rettleiar til innbyggjarframlegg (i PDF, på regjeringen.no).

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.