Inngåande faktura til Kvam herad

Fakturaadresse og fakturareferanse

  • Send faktura og kreditnota til Kvam herad elektronisk (EHF) til organisasjonsnummer 944233199.
  • Alle fakturaer må ha ein referanse, vanlegvis er dette ansvarsnummeret til tingaren i heradet (5 siffer). Skriv referansen i feltet «Dykkar referanse» (eller «BuyerReference» i xml-filen). I nokre fall kan referansen vera eit bilnummer eller ein prosjektkode.

Referansen gjer at fakturaen kjem til rett mottakar. Utan referanse vert fakturaen sett på vent, og leverandøren får ein e-post for å oppgje referansen.

Referanseliste for Kvam herad (PDF, 70 kB)

Kontaktinformasjon 

Har du har spørsmål, kan du ta kontakt på e-post: rekneskap@kvam.kommune.no eller ringja økonomikontoret på 56 55 06 29 eller servicetorget på 56 55 30 00.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.