Parkering

Kommunen har nokre offentlege parkeringsplassar hovudsakeleg i sentrumsområda i Øystese og Norheimsund.

Her er dei å finna:

  • Norheimsund (Meieritomta, på kaien, ved Spar butikken, ved Straumbrua)
  • Øystese (ved kyrkja, kaien)
  • På desse plassane kan ein parkera inntil 20 timar, dersom ikkje anna er skilta (maks 2 t på kaien i Norheimsund).
  • Andre parkeringsplassar ved offentlige bygg er for brukarane (besøkjande og ansatte) til bygget.

Hjelp oss fram – Me treng DI hjelp

  • Brannbil, brøytebil og bossbil trenger minimum 3 meter vegbredd.
  • Tenk deg om når du parkerer. Liv og helse kan stå på spel dersom din bil sperrar vegen.
  • Feilparkerte bilar kan skape problem ved at bossbilane ikkje kjem seg fram til bosspann og containere.
  • Respekter skilt som angjev parkerings- eller stoppforbod.
  • Bilar som hindrar trafikken kan Politiet bøtelegge eller fjerne for eigaren si rekning med heimel i Vegtrafikklova.
  • Seinhaustes og på vinteren er det ekstra viktig å tenke seg om.
  • Brøytemannskap må komme seg fram slik at dei får rydda vegane for snø.

Gjenståande bilar og bilvrak

  • Du kan melde inn til oss dersom du ser forletne bilar eller bilvrak langs dei offentlege vegane i kommunen.
  • I samarbeid med Politiet vil me prøve å få dei fjerna.
  • Det kan likevel ta nokon veker på grunn av at eigaren må sporast opp og varslast før fjerninga.

Kart

Jarle Ystebø
VA-ingeniør
E-post
Telefon 56 55 31 94