Søknad om bustad

Beskriving

Nokre vil ha problem med å komme seg inn på bustadmarknaden eller å bli buande i den bustaden dei har. Kommunen har eit ansvar for å hjelpe til at alle har ein god og trygg stad å bu og skal verke med til å skaffe bustader til dei som ikkje greier det på eiga hand.

Målgruppe

Vanskelegstilte

Kriterium

Kommunen vil vurdera kva slags type hjelp den enkelte har behov for, og kva alternativ som finst.

Pris

Pris kjem fram av avgiftsheftet (PDF, 715 kB) i kommunen, dette vert årleg justert i budsjettarbeid om hausten, og iverksett 01.05. i året etter.

Handsaming

Søknadar vert behandla av forvaltarkontoret til pleie og omsorg når det gjeld trygde- og omsorgsbustadar.

Andre bustadar vert vurdert av ei gruppe der leiar FDV bygg, dagleg leiar Kvam bustadstifting og representantar frå NAV, flyktningetenesta, rus og psykiatri deltar etter behov.

Søknadsfrist

Søknadar vert vurdert etter kvart som dei kjem inn, plassert i ventelister eller tildelt fortløpande om det er ledige bustadar, og tildelingskriteria vert godkjent for bruk av bustaden.

Klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om om klagen skal bli teken til følgje

Oppdatert

29.09.2017 09:21:57

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort vedtak i saka.