Kommunale bustader

Kvam herad disponerar ei rekkje bustadar som vert leigd ut fortrinnsvis til eldre eller andre vanskelegstilte på bustadmarknaden. Korttidsutleige for tilflyttarar eller andre som treng rask busetjing er aktuelt dersom det er ledige bustadar.

Ordinære bustadar

Desse bustadane er tildels av eldre byggjeår, og er ikkje bygde som tilrettelagte bustadar. 

Bustadane kan vera einebustadar, integrert i private rekkjehus og som kommunale fleirmannsbustadar.

Trygdebustadar

Desse bustadane er bygd i perioden 1983 - 1988, har vore bygd som tilrettelagte bustadar, men held ikkje dagens krav til slike bustadar. Nokre av desse er oppgradert innvendig etter bygging, samt greitt vedlikehalde utvendig. Men moderne krav til livsløpsstandard i bustaden, samt tilkomst kan vera noko mangelfull.

Trygdebustadar har me i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm.

Omsorgsbustadar

Desse bustadane er bygd i perioden 2000 -2006 og har ein meir tilrettelagt bustadstandard. Bustadane er tilrettelagt for heildøgns omsorg, der det er private bustadrom, større fellesareal og tilknytte personalbasar.

Modulbustadar

Desse er bygd for å vera ein ekstra ressurs i bustadsmengda i Kvam, og skal vera robuste, enkle å utbetra, vedlikehalda, sentralt plasserte og flyttbare. 

Bustadane er små og enkle, og eignar seg til einslege i etableringsfase (ungdomsbustadar), korttidsbusetjing og andre vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Kvam Bustadstifting

Klikk for stort bileteKvam Bustadstifting vart stifta av Kvam herad i 1992, og er eiga juridisk eining, som er sjølveigd og sjølvstyrt. Bustadstiftinga har eige styre og dagleg leiar. 

Stiftinga har eigne vedtekter og formålet er å husa vanskelegstilte, herunder personar med særskilt bubehov, eldre og ungdom under utdanning. Stiftinga rår idag over 23 utleigeleiligheiter, 10 av desse er omsorgsbustader. Eigedomsmassen ligg i Øystese og Norheimsund. 

"Lærlinghuset" ved Hardanger fartøyvernsenter er eit bufellesskap for ungdom under utdanning, og vil bli ferdigstilt forsumaren 2021. Bufellesskapet har 9 gode bueiningar med tilhøyrande fellesrom. Utomhus vil det også verta opparbeidd eigen terrasse med delvis overbygg, samt sykkelparkering under tak og med ladestasjon. 

Kontaktopplysningar til bustadstiftinga:

Dagleg leiar Ingunn Straumstein
E-post: ingust@kvam.kommune.no
Telefon: sentral 56 55 30 00 / direkte 56 55 31 75