VA-sanering på Norheim

Kvam herad har tildelt anbod på VA-sanering Norheim, del 3, til GBS entreprenør AS. 

Klikk for stort bilete  

Arbeidet er ei vidareføring av tidlegare utført saneringsarbeid. Som del av saneringa vil eigedommar som ligg til dei kommunale hovudleidningane motta krav om omlegging av sine private stikkleidningar dersom dei ikkje er i tilfredsstillande stand. Leidningstraseane vil i hovudsak gå i den fylkeskommunale vegen.

Stenging av veg

Arbeidet i fylkesvegen er planlagt gjennomført med stenging av vegen frå måndag kl. 08.30 til torsdag kl. 15.30. Planlagt gjennomføringstid er ca. 23 veker med oppstart 3. januar 2022. Ved å stenga vegen heilt frå måndag til torsdag kvar veke vil ein redusere anleggstida og kostnadane betrakteleg.