Stenging av Fv5122 (Porsmyrvegen)

Klikk for stort bileteDet skal utførast arbeid på Fv5122 Porsmyrvegen frå 23. august. Arbeidsplanen gjeld førebels fram til 30. november. Vegen vil vera stengt for gjennomkjøring i tidsperioda 8-15, og det vil bli varsla med skilting ved Fyksesund bru og i Øystese.

Arbeidet som skal utførast er kantforsterking med mur eller avretting. I tillegg skal det reinskast i grøfter på strekninga. Arbeidet vil starta oppom Porsmyr og flytta seg gradvis utover (sjå kart over utbetringspunkt).

Det vil ikkje vera mogleg å passera med bilar innanfor stengetidene. For trygg gjennomføring av arbeidet er det diverre umogleg å få til passering av anleggsstaden.