Kvam brann- og redningsvesen

Etter brann- og eksplosjonsvernlova skal Kvam herad sørge for etablering og drift av eit brannvesen som kan ta hand om både førebyggjande og beredskapsmessige oppgåver. Oversikt over brann- og redningsvesenet sine oppgåver er beskrive i brann- og eksplosjonsvernlova § 11.

Oppgåvene til brannvesenet følgjer av brann- og eksplosjonsvernlova med tilhøyrande forskrifter. 

Hovedoppgåvene til brannvesenet er å vera innsatsstyrke ved brann, og andre akutte ulukker. I tillegg skal brannvesenet førebyggja brann gjennom informasjons- og motivasjonsarbeid overfor innbyggjarane, utføra tilsyn i såkalla særskilte brannobjekt, samt utføra tilsyn og feiing av fyringsanlegg.

Organisering

Kvam brann og redning har mellom 50 og 60 brannmannskap tilgjengelig fordelt rundt i heradet. Foto: Kvam brann og redning.

Kvam brann- og redningsvesen ligg organisatorisk under teknisk eining i Kvam herad.

Brann- og redningsvesenet vert leia av brannsjef Torleif Ones.

Brann- og redningsvesenet er organisert med 2 avdelingar; beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling.

Brannsjefen er leiar for beredskapsavdelinga, mens varabrannsjefen er leiar for førebyggjande avdeling.

Brannførebyggjande oppgåver

Brannbamsen Bjørnis blir brukt som ein del av det brannførebyggjande arbeidet. Foto: Kvam brann og redning.

Brann- og redningsvesenet skal utføra lovpålagte oppgåver for å førebyggja brannar i samfunnet.

Arbeidet skjer gjennom feiing og tilsyn av fyringsanlegg, samt brannførebyggjande tilsyn i bygg og områder.

I tillegg utfører me informasjons- og motivasjonsarbeid om brannvern overfor innbyggjarane. Det skjer gjennom føredrag, samtalar og andre måtar for å nå ut til innbyggjarane.

Avdelinga består av 1 branninspektør og 2 brannførebyggjarar (tidlegare kalla feiar).

Avdelinga tilbyr også kurs innan brannvern. Kursa består normalt sett av ein teoretisk del, og ei praktisk sløkkjeøving. I tillegg kan me tilby brannøvingar med bruk av røykmaskin for å gjera øvingane realistiske. Avdelinga kan også tilby den praktiske delen av kurset "varme arbeider".

Les meir om feiing og tilsyn her.

Beredskap

Beredskapsavdelinga sine oppgåver er å rykkja ut på brannar, og andre akutte ulukker.

Mellom 50 og 60 brannkonstablar er knytt til beredskapsavdelinga. Dei er fordelt på 3 brannstasjonar.

Brann- og redningsvesenet har ein hovudbrannstasjon som ligg i Norheimsund. I tillegg er det brannstasjon på Omastrand, samt at kommunen har avtale med industrivernet ved Elkem Bjølvefossen AS som har brannstasjon i Ålvik.

Brannmannskapet som er knytt til brannstasjonen i Norheimsund inngår i ei døgnkontinuerleg vaktordning med vakt kvar 4. veke, medan brannmannskapet knytt til brannstasjonane på Oma og i Ålvik er organisert utan fast vaktordning.

Kvam brannstasjon i Norheimsund. Foto: Kvam brann og redning.

 

Kontakt 

Nødnummeret til brann- og redningsvesenet er telefon 110.

Skal du melda inn bålbrenning eller anna relevant informasjon for brann- og redningsvesenet i Kvam herad, kan du kontakta vakthavande brannsjef på telefon 948 48 110.

For andre generelle henvendingar, kontakt sentralbordet til Kvam herad på telefon 56 55 30 00.