Skogbrann

Ni av ti skogbrannar skuldast menneskeleg aktivitet. Dei vanlegaste årsakene er bålbrenning og grilling.

Varsle raskt

Alle brannar må varslast så raskt som mogeleg til naudnummer 110. Fortell kven du er og gje beskjed om korleis du kan kontaktast. Det er viktig å tydeleg skildra kva stad det gjeld, og møt gjerne brannvesenet for å visa veg fram til brannstaden.

I startfasa kan dei fleste skogbrannar slukkast med enkle midlar. Medan du ventar på hjelp, kan du altså starta slukkearbeidet sjølv, men ikkje ta sjansar! Skogbrannslukking er farleg arbeid. Kom deg ut av området før du vert omringa av flammer.

Slik slukker du skogbrann

  • Er det vatn og bøtter tilgjengeleg, er det berre å pøsa på.
  • Brekk eller hogg av eit lite lauvtre på omlag to meter.
  • Fjern kvistar nedanfrå, til du sit att med ein dusk i toppen.
  • Ikkje sjå, men freista å børsta flammene tilbake.
  • Sand eller tepper kan også nyttast for å freista å kvela flammene.

Husk bålforbodet!

For å unngå å starta ein skogbrann sjølv, er det viktig å hugsa på forbodet mot open eld i skog og mark mellom 15. april og 15. september. Sjå også vår informasjon om bålbrenning.

Kjelde: sikkerhverdag.no

Følg med fåra for skogbrann, lyngbrann og grasbrann på yr.no