Grilling

Kvart einaste år medfører grilling både brannar og personskader her til lands. Følg grillvettreglane for tryggare grilling.

Ved bruk av kolgrill / eingongsgrill

  • Grillen skal stå trygt og stødig med god avstand til brennbart materiale, også frå undersida.
  • Bruk ikkje meir tennvæske enn naudsynt, og bruk aldri tennvæske på varm grill.
  • Ver varsam ved opptenning av grillen.
  • Ha alltid ei bøtte vatn eller ein hageslange i nærleiken av grillen. Ved bruk av eingongsgrill, ta med ei stor flaske vatn.
  • Sjå til at grillen er slukka og at oska er kald før du kastar aska på ein trygg stad. Eingangsgrill bør slukkast med vatn etter bruk, før du kastar den på ein trygg stad, og ikkje i naturen (sjå også under).

Ved bruk av gassgrill

  • Før du opnar for gasstilførsla på behaldaren, må du sjå til at alle blussene er stengde.
  • Tenn alltid grillen med opent lok rett etter at gasstilførsla er opna.
  • Når grillinga er over, må du sjå til at både gassblussa og flaskeventilen er stengde.
  • Sjekk slangar jamnleg for sprekker og lekkasjar.
  • Dersom du kjenner gasslukt og mistenker lekkasje, steng av gasstilførsla straks, og flytt flaska til ein trygg stad. Fjern alle varmekjelder (t.d. stearinlys, sigarettar, stråleomnar osv), gå vekk frå grillen, kontakt brannvesenet og gje varsel til naboar.

Oppbevar aldri ekstra gassflasker nær grillen. Gassflasker med bulker eller rust må ikke brukes. 

Les meir om bruk av gass i vår artikkel om sikker bruk av gass.

Felles for all grilling

  • All grilling skal gå føre utandørs.
  • Barn og kjæledyr skal aldri vera åleine eller leika i nærleiken av ein tent grill.
  • Hald grillen under oppsyn så lenge han er varm.
  • For mykje alkohol og grilling høyrer ikkje saman.
  • Ha fyrstehjelpsutstyr for behandling av brannskader tilgjengeleg.

Viktig om eingongsgrillar

Ved bruk av eingongsgrill, syt for at den vert plassert stødig på eit ubrennbart underlag. Eingongsgrillar vert svært varme på undersida, og vil kunna tenna på eller skada underlaget. Etter grilling må du passa på at grillen er skikkeleg slukka og avkjølt med vatn. Ta grillen med heim på forsvarleg vis, og lat den stå utandørs over natta før du kastar han i søppelet.

Tenk på miljøet: kast ikkje eingongsgrillen i naturen, og vurder å droppa bruk av eingongsgrillar heilt.

Grilling på balkong

Bruk aldri kolgrill på ein balkong, det inneber stor brannfare. Elektrisk grill og gassgrill er tryggare alternativ, fordi ein i større grad kan kontrollera varmen. Likevel må du syta for at grillen står stødig og i god avstand frå brennbart materiale. Det er også ein føresetnad at balkongen har god utlufting langs golv og tak, og ikkje noko form for innglasing, slik at røyk og eventuell gass raskt vert lufta ut (røyk er lettare er luft og stig, medan propangassen er tyngre enn luft, og synk). Hald grillen under oppsikt mens den er varm. Pass også på at røyk frå grillen ikkje sjenerer naboar, og merk at burettslag ofte har eigne reglar som må følgjast.

Grilling i naturen

Dersom du grillar ute i naturen, hugs på at fåra for skogbrann er store i tørre periodar. Sjekk skogbrannfåra på yr.no, og hugs på at det er forbode å gjera opp eld i skog og utmark i perioda frå 15. april til 15. september, utan løyve frå kommunen. Det er likevel tillatt å gjera opp eld der det openbert ikkje kan medføra brann. 

Les meir: