Fyrverkeri

All bruk av fyrverkeri er regulert av lover, forskrifter og lokale føresegner. Det er ikkje "fritt fram", heller ikkje på nyttårsaftan.

Bruk av fyrverkeri på nyttårsaften

Gamal sedvanerett gjer at det er tillatt for privatpersonar å bruka fyrverkeri på nyttårsaftan, frå kl. 18.00 til klokka 02.00.

Merk likevel at det er totalforbod mot bruk av rakettar med styrepinne, og at det er aldersgrense på 18 år for kjøp og bruk av fyrverkeri, bortsett frå mindre type stjerneskot der aldersgrensa er 16 år. Merk også at plass for oppskytinga må veljast slik at det ikkje oppstår skade på personar eller omgjevnader, og sjå råda for fyrverkeribruk under.

Bruk av fyrverkeri andre dager enn nyttårsaften

Om du ynskjer å nytta fyrverkeri utanom nyttårsaftan må søkja om løyve til dette. I Kvam herad vert dette gjort via eit digitalt søknadsskjema
Sjå også: Forskrift om handtering av eksplosjonsfarlig stoff § 2-10.

Gode råd i forbindelse med bruk av fyrverkeri

  • FØREBU OPPSKYTINGA I GOD TID.
    Finn eigna stad for oppskytinga.
  • LES BRUKSRETTLEIINGA NØYE FØR BRUK.
    Barn som brukar stjerneskot må passast på av ein vaksen.
  • KONTROLLER AT FYRVERKERIET IKKJE ER SKADD.
    Skada fyrverkeri MÅ leverast tilbake til forhandlar.
  • SYT FOR AT FYRVERKERIET IKKJE KAN VELTA.
  • BRUK TENNSTAV. 
    Sit på huk, tenn lunta og gå unna.
  • BRUK VERNEBRILLER UNDER OPPTENNING
    - for å redusera sjansen for augeskader.
  • BØY DEG ALDRI OVER FYRVERKERI SOM ER PÅTENT.
  • IKKJE TENN FYRVERKERI PÅ NYTT DERSOM DET IKKJE TENNER FYRSTE GONG.
    - men lat det stå i 30 minuttar eller dynk grundig med vatn før det vert fjerna.
  • HALD GOD AVSTAND FRÅ OPPSKYTINGA.
  • ALKOHOL OG FYRVERKERI HØYRER IKKJE SAMAN.