Branntryggleik på hytta

Det er same krav til branntryggleik i hytter som i vanlege bustader.

Det inneber blant anna at alle hytter og fritidsbustader skal ha minst ein røykvarslar i kvar etasje, som skal dekkja alle opphaldsrom og kunna høyrast godt på alle soverom I tillegg skal alle hytter ha brannslukkeapparat eller husbrannslange. 

Les meir om:

Røykvarslar og slukkeutstyr hjelper lite dersom det ikkje vert jamnleg vedlikehalde. Røykvarslarbatteriet bør bytast minst ein gong årleg. Pulverapparat bør vendast opp ned, slik at pulveret ikkje klumpar seg, og ein bør sjekka at trykkindikatoren peiker på det grøne feltet.

Sjekkliste for hytteturen

  • Har du installert røykvarslar på hytta? Hugs å ta med batteri!
  • Sjekk at røykvarslarar fungerer, og at dei kan høyrast på alle soverom med lukka dører.
  • Har du brannslukkeapparat eller husbrannslange på hytta?
  • Ha mobiltelefon lett tilgjengeleg, slik at du kan ringja etter hjelp dersom det oppstår ein naudsituasjon. Sjekk mobildekninga, og hugs naudnummeret til brannvesenet: 110.
  • Syt for at rømningsvegar er lett tilgjengelege og frie for snø.
  • Gå aldri frå levende lys eller flyttbare elektriske omnar som er i bruk.
  • Sjekk at fyringsanlegget er montert i tråd med produsenten si rettleiing og at skorsteinen er intakt. Spør fagfolk.
  • Syt for regelmessig feiing av skorsteinen.
  • Sjekk at kokeanlegget er i god stand. Har du propananlegg, sjekk at det ikkje er lekkasjar på slangar, rør eller koplingar. Sjå også: Sikker bruk av gass.
  • Har hytta innlagt strøm? Sjekk at det elektriske anlegget og elektriske apparat er i god stand.

Lag en naudplakat til hytta

Veit du nøyaktig posisjon på hytta di? Mange hytter i Noreg manglar vegadresse, og stadsnamn kan ofte vera heilt ulike frå dei offentlege stadsnamna som er å finna på karta naudetatane nyttar seg av. Bruk tildømes norgeskart.no og lag ein naudplakat som hjelper deg med å gje ei presis melding til brannvesenet.

Leiger du ut hytta du eig?

Det er eigaren sitt ansvar å syta for god branntryggleik, og å gje naudsynt opplæring til brukarar av utleigehytter for å ivareta branntryggleik. Det kan til dømes vera gjennom å laga instruksar om evakuering, varsling, slukking, generell branntryggleik med mer. Det bør også hengast opp ein branninstruks på passande stad i hytta.

Hugs:

  • Det skal vera minst to evakueringsmoglegheiter frå alle soverom. Eigar skal syta for at rømningsvegar til ei kvar itd er i orden, og tilrettelagt for rask og sikker rømning. Det må lagast rutinar som sikrar at rømningsvegar ikkje vert sperra
  • Eigar skal syta for at hytta har fungerande alarmanlegg eller tilstrekkeleg med røykvarslarar. Eigar må kjenna regelverket for sitt bygg.
  • Eigar skal syta for at hytta er utstyrt med fungerande slukkeutstyr som kan nyttast i alle rom. Eigar må kjenna regelverket for sitt bygg.
  • Eigar må syta for tilstrekkelege kontrollar og ettersyn for å syta for at branntryggleiken i bygget blir ivareteken og er i orden. Kontrollane bør innebera sjekk av rømningsvegar, røykvarslarar, slukkeutstyr og elektriske anlegg.
  • Det er viktig at alle risikofaktorar i bygget blir vurdert, og at det vert gjort tiltak og utarbeidd rutiner for å redusera risiko. Har du gass på hytta, bør du vurdera gassvarslar? 

Skal du leiga hytte?

Det er eigaren sitt ansvar å syta for god branntryggleik på sine utleigehytter, men det er viktig at du som leiger og nyttar hytta også tenkjer på branntryggleik. Følg desse punkta for ein brannsikker hytteferie:

  • Test røykvarslarane og byt batteri om dei ikkje fungerer.
  • Les rømningsplanen og branninstruksen og gjer deg kjent med rømningsvegar. Reiser du med born, gjer ei avtale om korleis de skal opptre ved brann.
  • Gjer deg kjend med kor det finst slukkeutstyr.
  • Gå aldri frå levende lys.
  • Ikkje bruk peis eller omn som tørkestativ.
  • Askeavfall må handterast forsvarleg.
  • Ikke gå frå hytta med elektriske hushaldningsapparat i bruk.
  • Skal du nytta gass, hugs å sjekka utstyret jamnleg. Sjå: Sikker bruk av gass.
  • Skal de grille, ha slukkeutstyr lett tilgjengelig. Sjå også vår artikkel om grilling.