Brannsikker ferie

Det er viktig å hugsa på branntryggleik, også når du er på ferie. Reiser du utenlands, skal du ikkje ta for gitt at branntryggleiken heldt same standard som i Noreg. 

Det kan vera lurt å ta med ein reiserøykvarslar om du skal utanlands og bu på hotell eller privat. Det kan bidra til at eventuell røyk- eller brannutvikling i rommet eller bustaden du nyttar, raskt vert fanga opp og gje deg høve til å avverga ein større brann, eller til å rømma i ei tidleg fase, med lite røyk.

Gode råd når du bur på hotell:

  • Ta alltid med reiserøykvarslar. Plassér den så høgt i rommet som mogleg.
  • Les rømningsplanen og branninstruksen.
  • Oppsøk og gjer deg kjend med rømningsvegar.
  • Gjer deg kjent med kvar det finst slukkeutstyr.
  • Dersom du eller de reiser med barn, gjer ei avtale om korleis de skal opptre ved brann.
  • Gje melding til resepsjonen dersom du finn blokkerte rømningsvegarl

I tilfelle brann

  • Følg hotellet sin branninstruks og instruksar frå personalet.
  • Dersom rømningsvegane er blokkert av røyk eller brann, bør du vurdera om det er tryggast å bli på rommet til redningspersonell er på plass. Gje deg til kjenne via vindauge eller balkong.

Skal du på camping i ferien?

Køyrer du bubil eller har du ei campingvogn fast på ein campingplass? Ein brann på ein campingplass kan spreia seg veldig raskt. Har du røykvarslar vert du varsla tidleg. Med eit slukkeapparat og eit brannteppe aukar sjansen for at du klarer å slukka brannen raskt. 

Hugs:

  • På campingplassar skal det vera minst tre meters avstand mellom campingvognar, bubilar og telt. Bilar som ikkje skal nyttast til overnatting kan parkerast i mellomrommet. Merk: Tre meters avstand er ikkje nok til å hindra ein brann i å spreia seg, men vil avgrensa spreiinga. Dersom det er sterk vind eller vegetasjon som aukar fara for spreiing, bør avstanden aukast.
  • For terrassar, "spikertel" og andre meir faste konstruksjonar kan reglar i plan- og bygningslova gjelda. Dette skal vera omtalt i campingplassen sine reglar.
  • I campingvogner og bubilar bør røykvarslar monterast. Hugs å byta batteri og å sjekka at røykvarslaren fungerer før du legg ut på tur. Sjå også vår artikkel om røykvarslarar.
  • I telt kan ein bruka reiserøykvarslar. Det er også lurt å ha ein kniv tilgjengeleg i teltet, slik at ein raskt kan skjera seg ut dersom det byrjar å brenna.
  • Alle campingvogner og bubilar skal ha brannslukkingsapparat. Sørg for at det er lett tilgjengeleg og at det jamnleg vert vedlikehaldt. I tillegg er det kjekt å ha eit brannteppe, som tek liten plass og effektivt kveler mindre flammer. Sjå også vår artikkel om slukkeutstyr.
  • Pass på grillen! Mange set grillen for nær campingvogna, bubilen eller teltet. Hugs at den kan bli svært varm og kan setja fyr på både veggar, teltduk og underlag. Bruk aldri open eld eller glødande kol inne i teltet eller forteltet, det inneber både brannfare og kvelningsfare! Grill, kokeapparat og liknande bør stå minst ein meter på frå teltduken, på utsida av teltet. Sjå også vår artikkel om grilling.
  • Kontroller elanlegget, det må vera installert i tråd med regelverket. Det er ein god idé å få ein fagperson til å gjera ein kontroll og vedlikehald av det elektriske i campingvogner og bubilar før ferieturen startar. Les også campingplassen sine reglar for tilkopling av straum og vatn nøye.

Skal du på båtferie og skal overnatte i båten?

Båteigarar må syta for å ha fungerande røykvarslar i båtar det skal overnattast i. I fritidsbåtar vert propan ofte nytta til oppvarming, matlaging og til å driva kjøleskap. Mange har i tillegg aggregat. Ei lita gnist frå det elektriske anlegget kan vera nok til å gje ein eksplosjon ved propanlekkasje!

Den luktfrie gassen kolos (karbonmonoksid, CO) er vanskeleg å oppdaga, særleg når ein søv. Difor er det også god grunn til å montera CO-varslar og gassvarslar om ein nyttar slike apparat.  Hugs også på å ha brannslokkingsutstyr i båten, og pass på at røykvarslar. og slukkeutstyr er i orden. 

Sjå også: Sikker bruk av gass.

Brannsikker hytteferie

Dei same krava til branntryggleik gjeld for hytter og andre fritidsbustader som i vanlege bustader. Det inneber blant anna krav til røykvarslarar og til slukkeutstyr. Les meir om dette i vår artikkel om branntryggleik på hytta. Der finn du også nyttige råd både for deg som skal leiga hytte, og for deg som leiger ut di hytte til andre.