Bålbrenning

Det er forbode å gjera opp eld eller gjera bruk av ting som utgjer ein brannfare utandørs under slike tilhøve eller på ein slik måte at det kan føra til brann. Ein må ikkje forlata oppgjord eld før den er fullstendig sløkt.

Utan løyve frå heradet er det forbod mot open eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark i tida 15. april til 15. september. Det gjeld både bål og grilling.

Dersom faren for brann er særskilt stor, kan heradet innføra totalforbod mot å gjera opp eld eller gjera bruk av brannfarlege ting utandørs i bestemte område. I praksis inneber det forbod mot grilling og bål både i skog, anna utmark eller på stranda.

Det er likevel tillate å gjera opp eld når dette heilt tydeleg ikkje kan føra til brann. Dette kan til dømes vera når det ligg snø bakken eller det har regna ei god stund. Vidare kan du grilla på stranda med god avstand til skog og vegetasjon.

Meld frå

Meld frå til brannvernet når og kor det vert brent hageavfall, og om telefonnummer ein kan verta nådd på. Dette gjeld også for jonsokbål, sjå under. Ved bålbrenning utan løyve/varsel, som medfører unødig utrykning, må ein rekna med å verta ilagd gebyr som dekker brannvernet sin kostnad med utrykninga.

Brann- og redningstenesta, vakthavande mobil: 948 48 110
Kvam herad. tlf. 56 55 30 00

Melding om jonsokbål

Brenning ute er regulert i fleire lovar og forskrifter. Alle som skal gjera opp eld utandørs må sørga for at dette skjer på ein forsvarleg måte.

Frå 2020 av ynskjer Kvam brann og redning melding om jonsokbål. Alle som ynskjer å ha eit jonsokbål må melda dette inn. Me gjer samstundes merksam på at opptenning av bål føregår på eige ansvar, og me vonar at alle tek omsyn til vêr, vind og vegetasjon rundt bål, og tek førehandsreglar for å sikra ei branntrygg feiring. 

Jonsokbål skal meldast via digitalt skjema.

Hugs

  • Det er lovleg å brenna turt hageavfall i eigen hage.  
  • Men det er ulovleg å brenna søppel og spesialavfall. Dette gjeld til dømes byggmaterial, plast, store mengder papp, impregnert, malt eller lakka material, møblar, madrasser, tekstilar dekk med meir. Dette skal  kastast som sortert avfall eller leverast direkte til avfallsstasjonen for sortert avfall i Tolomarka, tlf. 56 55 57 79.
  • Røyken frå brenning av hageavfall luktar spesielt grunna ufullstendig forbrenning. Røyken inneheld helse- og miljøskadelege stoff som kan vera til stor plage. Særleg er dei som har astma og allergi utsette. Ta difor særleg omsyn til naboane.

Meir informasjon 

Her finn du meir informasjon om bålbrenning på ulike språk: