Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Dersom du har installert eit nytt eldstad eller gjort vesentlege endringar må du melde frå til kommunen.

Merk: I samband med tiltak for å hindra spreiing av koronaviruset vert det kun gjort feiing frå tak, og ikkje gjennomført uttak av sot (innvendig feiing). 

Feiing

Feiinga vert normalt gjennomført kvart år. Når det vert feia frå taket, må du som bygningseigar syta for sikker tilkomst både til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, må du leggja denne fram. Der det er skråtak (uavhengig av gradene og taktekkinga), skal det vera montert faste trinn/stige på taket. Trinn/stige skal vera festa i bærande konstruksjonar. Syt for at luker og spjeld er skikkeleg stengde før feiinga.

Tilsyn

Dette er ein kontroll av eldstad/pipe som vert gjennomført kvart 4. år. Ein i hushaldninga må vera heime ved tilsyn, dersom ikkje anna er avtalt.. Etter utført tilsyn skal du få dokumentasjon på at tilsynet er gjennomført med/utan merknader. Feiaren skal vurdere tilhøve ved fyringsanlegget som har noko å seie for branntryggleiken. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Kvam herad som tilsynsmynde kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer. Ved alvorlege avvik vil feiaren munnleg påleggja deg fyringsforbod  som vert stadfest skriftleg frå heradet.

Feiaren vil i tillegg informera om og sjekka skadeførebyggjande tiltak i bustaden din, fyrst og fremst røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømingsvegar, og om du ynskjer det, råd om rett fyring og kva ein skal gjera ved pipebrann.

Varsel

Du som eigar av heilårsbustad med pipe/eldstad og registrert i eigedomsregisteret i heradet, vil få varsel levert postkassa di. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du kontakta feiaren for ny avtale.

Kontakt

Vestnorske feietjenester, tlf: 41 33 80 85.