Slukkeutstyr

Alle bustader skal ha eigna slukkeutstyr. Det kan anten vera ein husbrannslange, pulver- eller skumapparat. Slukkeutstyret skal monterast lett tilgjengeleg, og må kontrollerast jamnleg. Det er bustadeigaren som har ansvar for å skaffa og montera slikt utstyr, samt for å kontrollera at det er i orden.

Husbrannslange

Ein husbrannslange er ein forsterka vasslange rulla inn på ein fastmontert eller flyttbar trommel. Slangen skal vera fast tilkopla ein vasskran, og skal kunne trekkjast ut til alle rom, men ikkje vera lenger enn 30 meter. Gjer deg kjent med korleis du nyttar husbrannslangen. 

Merk: Ein hageslange er ikkje godkjend som husbrannslange.

Vatn må ikkje nyttast mot brann i fettgryter, bensin og andre flytande stoff. Brann i fettgryter kan ein lett sløkka ved å leggja på gryteloket, før ein trekk gryta vekk frå plata og skrur av straumen.

Vedlikehald av husbrannslange

Ein husbrannslange kan du kontrollera sjølv, og det bør gjerast minst ein gong i året:

  • Rull ut heile slangen.
  • Kontroller at krana fungerer.
  • Sjekk at slangen ikkje er morken eller sprukken.

Brannslukkingsapparat

Dei mest vanlege brannslukkingsapparata kan delast i to typar: skum- og pulverapparat. Slike apparat slukker effektivt dei fleste typar brannar som kan oppstå i heimen. Apparata er merka med kva for branna dei kan slukka. Hugs: Brannslukkingsapparat kan vera tunge å løfta, særleg for eldre og for personar med nedsett funksjonsemne.

Med skum- og pulverapparat kan du ikkje slukka like lenge som med ein husbrannslange. Eit apparat på 6 kilo vert tomt på 10 til 20 sekund. 

Ikke bruk på frityr

Trykket i både skum- og pulverapparat er stort. Dersom du freistar å slukka brann i olje, til dømes i ei frityrkjele, kan trykket skylla den brennande olja over kanten på kjelen og spreia brannen istadenfor å slukka den. 

Skumapparat

Skumapparat inneheldt eit vassbasert skum som slukker brann ved kvelning og nedkjøling. Skumapparat som einaste slukkemiddel må anten vera 9 liter eller 6 liter med slukkeeffekt på minst 21A. Eit skumapparat på 9 liter går tomt på 20 - 30 sekund. 

Pulverapparat

Pulverapparat som einaste slukkemiddel må vera på minst 6 kilo. Eit pulverapparat er lett å ta med seg, og kveler ein brann effektivt. Det kan nyttast på alle typar brannar, men går tomt på 10 - 20 sekund. 

Kontroll av brannslukkingsapparat

  • Både skum- og pulverapparat treng eit visst trykk for å fungera. Pila på trykkmålaren øvst på apparatet skal stå på det grøne feltet. Dette bør du sjekka ein gong i kvartalet.
  • Kontroller at forseglinga eller plomberinga på toppen av apparatet ikkje er broten, og at apparatet ikkje har skader eller rust.
  • Apparat med pulver skal til kvalifiserte fagpersonar for kontroll / service kvart 5. år, og på utvida kontroll og service kvart 10. år.
  • Apparat med skum skal til kvalifiserte fagpersonar for kontroll / service kvart 5. år, eller etter produsenten si tilråding.
  • I næringsverksemd gjeld eigne reglar.

Du kan finna meir informasjon om vedlikehald av brannslukkemateriell og oversikt over godkjende verksemder hjå Rådet for vedlikehold av brannslokkermateriell.

Du kan også lesa meir på tryggogsikker.no. Nedanfor kan du sjå ein nyttig informasjonsfilm om vedlikehald av røykvarslar og brannslukkingsapparat, laga av Boligbygg Oslo KF.

Tilleggsslukkemiddel

Brannteppe

Branntepper er laga av glasfibermateriale med sterk brannmotstand. Eit brannteppe er eit rimeleg og effektivt slukkemiddel mot små brannar. Ha gjerne fleire av dei i hus. På kjøkenet kan eit slikt teppe koma særleg til nytte, til dømes for å kvela flammer i gryter og frityr.

Slukkespray

Slukkespray kan ikkje erstatta vanlege brannslukkingsapparat, men er eit supplement du kan ha lett tilgjengeleg, til dømes på kjøkenet. Du kjem dermed raskt i gang med å slukka, samstundes som andre kan løpa etter det store skum- eller pulverapparatet. Merk: Ikkje alle slukkesprayar slukker alle slags brannar. Boksane er merka med to eller fleire bokstavar. På kjøkenet må du ha ein slukkar merka med bokstaven F. 

  • Bokstaven A på dei små brannslukkarane tyder at dei er eigna for brannar i faste organiske material, til dømes treverk, papir og tekstilar.
  • Bokstaven B syner at sprayen er eigna til å slukka brann i væsker, til dømes bensin og olje, eller av faste material som ved oppvarming vert omdanna til væske, til dømes stearin og plast.
  • Bokstaven F syner at sprayen er eigna til å slukka brann i matoljer, til dømes frityrolje.

Slukkespray kan nyttast heime, på hytta, i bilen eller båten, og er liten nok til å også få plass i ein sekk på tur i skog og mark.