Sikker bruk av gass

Har du gass heime, på hytta, i båten eller i campingvogna? Nedanfor finn du gassvettreglane, og andre gode råd.

Gassvettreglane

  • Plasser aldri gassbehaldarar i kjellaren eller i andre rom under bakken.
  • Syt for at gassbehaldaren står oppreist, og ikkje vert utsett for sterk varme eller sterk sol. Sett gassbehaldaren utanfor grillen, slik at du lett kan stengja av gassen.
  • Ver på vakt mot lekkasjar. Open eld, røyking eller ein elektrisk gnist kan tenna på gassen slik at den eksploderer.
  • Sjekk slange og koplingar for lekkasjar jamnleg. Dette gjer du gjennom å pensla på konsentrert såpevatn. Når du opnar for gassen, vil det danne seg såpebobler der lekkasjen er.
  • Bruk berre slangar som er eigna for bruk til gass. Skift ut sprukne eller øydelagte slangar med det same. Det er ikkje tillatt å bruka slangar som er lengre enn 1,5 meter. Bruk slangeklemmer for å festa slangen.
  • Hald alltid ei tent fyrstikk klår når du opnar for gassen. Steng for gassen når du ikkje skal bruka han. Ta også av regulatoren dersom det er lenge til du skal bruka gass igjen.
  • Om det byrjar å brenna i nærleiken av gassbehaldaren, steng for gassen ved å vippa over knappen på toppen av regulatoren. Dersom det er forsvarleg, bør du også flytta behaldaren vekk frå brannen.
  • Syt for at gassapparatet og behaldaren er i god stand. Ikkje forsøk å reparera skader på gassbehaldaren sjølv. Overlat til propanforhandlaren å gjera kontroll og eventuelt vedlikehald av gassapparat og gassanlegg.
  • Les brukarrettleiinga nøye før du tek gassapparat og gassanlegg i bruk. Spør forhandlaren dersom du er i tvil om noko.

Riktig plassering er viktig

Dei fleste gassbehaldarar til heimebruk inneheldt propagan, som er tyngre enn luft. Når du plasserer slike behaldarar er det viktig å tenkja på følgjande:

  • Plasser aldri gassbehaldaren på loft eller i kjellar.
  • Plasser alltid gassbehaldaren lett tilgjengeleg, slik at han er enkel å stenga og å flytta om det vert naudsynt.
  • Gassbehaldarar skal alltid stå oppreist.
  • Du skal alltid oppbevara og behandla tomme gassflasker som om dei var fulle.
  • Plassert alltid behaldaren ein stad med god utlufting.
  • Plasser ikkje behaldaren i direkte sollys.
  • Har du større anlegg med tank, skal det gjennomførast ei skriftleg risikoanalyse i forkant.

Tenk på mengda gass du oppbevarer

  • Du har lov til å oppbevara maksimum 55 liter brannfarleg gass og inntil 10 liter brannfarleg væske i bustaden din.
  • I garasje, utvendig bod, båthus eller liknande kan du oppbevara inntil 90 liter brannfarleg gass og inntil 50 liter brannfarleg væske.
  • Har du ein utvendig tank eller flasker på til saman over 400 liter skal dette meldast inn til Direktorat for Samfunnssikkerhet og Beredskap.

Meir informasjon og innmelding om oppbevaring av gass finn du på nettsidene sikkerhverdag.no.

Dette gjer du ved lekkasje

Ved teikn på lekkasje:

  • steng for gassen
  • luft grundig ved å opna vindauge og dører
  • stopp bruken av open eld og elektriske apparat

Ved alvorlig lekkasje og brann:

  • forsøk å stenga ventilane
  • syt for at alle personar kjem seg i trygg avstand frå brannstaden
  • ring brannvesenet sitt naudnummer 110
  • ikkje forsøk å slukka brannen sjølv