Rømningsvegar

Åtte av ti dødsbrannar skjer i eigen bustad. Med fleire rømningsvegar aukar sjansen for å berga seg ut i live.

Hovudkravet er at alle bustader skal ha minst ein rømningsveg som fører direkte til det fri:

  • Bur du i ein einebustad med berre ein etasje de bur eller oppheldt dykk på, er det berre krav om ein utgang rett ut på bakkeplan. Dette kan vera inngangsdøra.
  • Bur du ei leiligheit med berre ein etasje skal denne anten ha ein utgang til det fri (på bakkeplan) eller ein utgang til ein rømningskorridor med to uavhengige rømningstrapper som leier ut. Det finst nokre unntak til denne regelen, sjå sikkerhverdag.no.

Bustader med fleire bebudde etasjar må ha alternative rømningsvegar i tillegg. Det kan til dømes vera:

  • gjennom vindauge eller balkong, dersom det er mindre enn fem meter ned til baken. Opninga i vindauga må vera minst 0,5 meter brei og minst 0,6 meter høg. Summen av breidd og høgd skal vera minst 1,5 meter. Vindauga bør ikkje vera takvindauge. For kvar etasje skal minimum annakvart rom ha rømningsvindauge.
  • dersom du monterer brannstige med ryggbøyle (eit slags bur rundt stigen, som sikrar at du ikkje fell bakover), kan du nytta vindauge som ligg til og med 7,5 meter over bakken som rømningsveg. Monter stigen minst to meter frå vindauge i etasjen under, dersom det brenn i denne vil det vera umogleg å bruka stigen om den er montert for nært. Dersom du må ha stigen nærare enn minimumsavstanden, må du setja opp ein flammeskjer osm beskyttar stigen ved brann.

Sjå meir på nettsidene sikkerhverdag.no.