Redda, varsla, slukka

"Redda, varsla, slukka" er ein enkel hugseregel for korleis du bør te deg ved brann.
 

Kva som er riktig rekkjefølgje kan variera frå situasjon til situasjon, og frå person til person. Dette må vurderast der og då, dersom ein brann oppstår. Du må sjølv vurdera situasjonen og i kva rekkjefølgje du skal gjennomføra desse punkta.

1. REDDA

Syt for å varsla alle som er i huset. Hjelp kvarandre ut til møteplassen de har vorte samde om på førehand. Sjekk at alle har kome seg ut.

2. VARSLA

  • Gje melding til brannvesenet på naudnummer 110
  • Gje opp nøyaktig adresse
  • Legg ikkje på før du har fått beskjed om at du kan gjera det. Brannvesenet er allereie på veg medan du snakkar.

3. SLUKKA

Dersom brannen ikkje har vorte for stor, forsøk å slukka han. Utsett ikkje deg sjølv eller andre for stor fåre. Hugs at røyken er svært giftig.

Ta imot og orienter brannvesenet om situasjonen når dei kjem. Gje straks melding dersom nokon ikkje har klart å koma seg ut av huset. Gå ikkje sjølv inn i huset for å redda ut eventuelle kjæledyr eller personlege eigendelar. Overlat dette til brannvesenet.