Komfyrvakt

Komfyren er den største brannkjelda i heimen. Med ein komfyrvakt slår komfyrplatene seg av når det oppstår farlege situasjonar.

Komfyrbrann som følgje av såkalla tørrkoking er den vanlegaste enkeltårsaka til brann i norske hushaldningar. Faktisk er nær halvparten av brannvesenet sine utrykkingar eit resultat av komfyrbrannar, ifølgje sikkerhverdag.no.

Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid, og råkar eldre menneske, men det er brannar som startar om natta som tek flest liv. Då er det gjerne yngre menneske som vert råka, og rus og alkohol er gjerne ein medverkande årsak til at dei gløymer eller sovnar frå komfyren.

I alle nye bustader, og dersom det vert lagt opp ny kurs til komfyren, er det krav itl komfyrvakt. Dei same reglane gjeld også for fritidsbustader. Dette tyder at komfyrvakten skal vera installert som ein del av det faste elektriske anlegget. Kravet kom i 2010, og dersom kjøkenet ditt er eldre enn dette, bør du ettermontera komfyrvakt. 

Komfyrvakten består av ein sensor og ein straumavbrytar, som anten er plassert bak komfyren eller i sikringsskapet. Sensoren overvaker kokeplatene, og dersom den oppdager fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på alarmen, gjer sensoren melding til brytaren om å kutta straumen til komfyren. Det finst to ulike typar komfyrvakt: dei som skal koplast til via ei ei leidning i stikkontakt, og dei som vert kopla til det faste elektriske anlegget. 

Krav til komfyrvaktar

For å sikra kvaliteten på komfyrvaktar er det utarbeidd ein europeisk standard, kjend som NEK EN 50615. Sjekk merkinga på produktet eller spør i butikken om komfyrvakta du skal kjøpa er testa etter krava. 

Montering

Komfyrvakter som skal pluggast i stikkontakta kan du montera sjølv. Skal komfyrvakta koplast til det faste elektriske anlegget må ho monterast av ein elektrikar. Merk: Nokre forsikringsselskap gjev deg rabatt på forsikringspremien dersom du har installert ein FG-godkjent komfyrvakt