Plan for integrering 2015-2019

Tenesteutvalet i Kvam herad godkjende 20.02.2012 "Mandat for arbeidet med strategiplan for integrering".

Her vert det lagt vekt på at innvandring er viktig for å nå kommunen sitt mål om auka folketal, og at kommunen må gje nye innbyggarar gode tilbod og syta for god integrering og deltaking i samfunnet gjennom arbeid, skule, barnehage og fritid.