Midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2025
Forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima.
Les meir og søk på denne lenka
_________
Frivillig skogvern i Vestland
Naturmangfaldet i Vestland er under sterkt press. Frivillig skogvern er det viktigaste tiltaket for å ta vare på skognatur i Noreg.
Slik fungerer frivillig skogvern
I dei siste tiåra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.
I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Om det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gang ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet heilt fram til ein avtale er signert.
I Vestland er det skogeigarorganisasjonane AT Skog og Norskog som representerer grunneigarane ved vernearbeidet.
Les meir om frivillig skogvern og finn aktuelle kontaktpersonar her.
_________
Søk om tilskot til naturrestaurering
Miljødirektoratet har opna for søknadar frå kommunar, organisasjonar og private om tilskot til naturrestaureringstiltak.
Les meir om tilskotet til naturrestaurering her.
Klimarådgjeving
Gjelder søknad om godkjenning av rådgivingsopplegg.
Les meir om søknad for klimarådgjeving på landbruksdirektoratet sine sider på denne lenka
Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP)
Ordninga gjelder tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord.
Les meir om RMP her.
Tilskot til særskilde miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Gjeld tilskot til tiltak som fremmjar natur- og kulturverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og reduserer forureinga frå jordbruket.
Les meir om SMIL ordninga her.