Kulturminneplan 2017-2027

Kulturminne og kulturmiljø er i dag rekna som fellesverdiar i samfunnet.  

Kulturminnelova definerer kulturminne som ”alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø.” Ein skil mellom faste kulturminne (bygningar, murar, vegar o.l.), lause kulturminne (gjenstandar) og den immaterielle kulturarven (kunnskap og ferdigheiter innan handverk, dans, musikk, tradisjonar, eller skikk og bruk.)

Kulturminneplanen for Kvam har desse fire hovudmåla:

  1. Sikra god forvalting av kulturminne med verneverdi 
  2. Auka kunnskapen om kulturminna i Kvam, og fremja aktiv formidling 
  3. Leggja til rette for frivillig arbeid innan kulturminnevernet 
  4. Styrkja kulturminna si rolle som ein ressurs i Kvam sitt utviklingsarbeid.

Kulturminneplanen vart vedteken av heradsstyret fyrst i oktober 2018. Ei endeleg utgåve av planen vert snart lagt ut. Her kan du lesa dokumenta frå tidlegare i prosessen:

 
 
Gul liste er kommunen si eiga liste over miljø som har lokal kulturhistorisk verdi, men den inneheldt også område og bygg som kjem inn under kulturminnelova og plan- og bygningslova. Gul liste inneber ikkje noko formelt vern, men viser viktige område, som har lokal kulturhistorisk verdi. Desse verdiane skal verta verdsett og takast omsyn til ved byggeprosjekt og planlegging.

Du finn oversikt over heile gul liste her. 

Kontaktinfo

Jon Nedkvitne
Sjef samfunn næring og kultur
E-post
Telefon 56 55 30 21
Mobil 979 53 274