Oppstart reguleringsplan Lølihaugen på Kvamskogen

Dette er ei kunngjering av oppstart regulering i privat regi. Frist for innspel til oppstart er 01.02.19 

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det kunngjort oppstart av detaljreguleringsplan for gnr 26 bnr 1 m.fl., på Lølihaugen, mellom Vetlevasshaugen og Mødalstrekket på Kvamskogen. Området er på ca 216 daa og har 59 eksisterande fritidsbustadar. Reguleringsplanen vil erstatta deler av reguleringsplan 19960002.

Geoplan AS skal på vegne av tiltakshavar Svein Stensland utarbeida eit framlegg til reguleringsplan for området. 

Føremålet med reguleringa er å fortetta hytteområdet, i samsvar med kommunedelplan for Kvamskogen. Reguleringsplanen er vurdert til ikkje å utløysa krav om planprogram og konsekvensutgreiing. 

Varsel om oppstart vart kunngjort i Hordaland folkeblad 28.12.18. Naboar og grunneigarar vart varsla om oppstart regulering pr brev datert 21.12.18.

Lølihaugen planID 20180006 - Klikk for stort bileteLølihaugen planID 20180006

 

 

Alle dokument Kvam herad har motteke i reguleringssaka finn du på arkivsaknr 18/1078

Innspel til planarbeidet skal sendast til Geoplan AS, Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund, eller til post@geoplan.no innan 01.02.2019. Mottekne innspel og dokument vil verta vurdert og lagt ved planframlegget.

Evt. spørsmål til planarbeidet skal rettast til Geoplan AS;  tlf. 56 55 62 33, e-post: post@geoplan.no.