Adressenamn - Kunngjering av vedtak adressenamn på Kvamskogen og i Hamlagrø

Kvam  herad har vedteke adressenamn for 7 adresseområde på Kvamskogen og 6 adresseområde i Hamlagrø. 

Namneforslaga låg til høyring i perioden 13.05. - 12.06.22.

Det er kun motteke innspel frå Språkrådet  Merknaden er knytt skrivemåten for nokre av namneforslaga. I vedtaket er desse namna justert til å samsvara med Språkrådet si tilråding.

 

Saksutgreiing og vedtak - Fleire adressenamn på Kvamskogen og i Hamlagrø (PDF, 534 kB)

 

Kart som syner adresseområda med adressenamn:

 

Klage:

  • Det er høve til å påklaga vedtaket jf § 12 i stadnamnlova og § 28 i forvaltningslova. Klageadgangen er avgrensa, sjå § 12 i stadnamnlova
  • Klagefrist er tre veker etter at melding om vedtak er motteke, jf. forvaltningslova §29.
  • Klagen skal sendast til Kvam herad.
  • Om Kvam herad ikkje finn grunnlag for å ta klagen til fylgje, vert saka sendt til statsforvaltaren for endeleg avgjerd

 

Alle registrerte dokument i saka er lagra på arkivsaknr 22/2604

Heidi E. Ørjansen
Einingsleiar plan og byggesak
E-post
Telefon 90 54 12 03
Mobil 90 54 12 03