VA-kart over kommunalt ledningsnett

Ta kontakt med teknisk eining dersom du treng ein oversikt over kommunale VA-ledningar i grunnen. VA-kart ligg ikkje ute på nett.

VA-kart.

Kvam herad har gode kart og varslingssystem for offentleg ledningsnett.

Brudd.

Oppdagar du brudd på vannledning eller avløpsledning er det viktig å varsla vakthavande straks.

Gravemelding.

Har du planlagt å grave nært kommunalt ledningsnett ta kontakt med teknisk eining fyrst.

Private VA-ledningar.

Kvam herad krev innmåling av nye VA-ledningar i alle byggesaker. VA-dataene vert lagt inn i heradet sitt VA-kart for seinare bruk. Ledningstrase, stoppekran, kum, m.m. må målast inn med nøyaktig GPS, og leverast til heradet på SOSI format.