Enkel kartløysing

Enkel kartløysing har eit grensesnitt tilpassa nett, brett og mobil i tillegg til datamaskiner. Det inneheld m.a. eigedomskart, kommuneplanar, reguleringsplanar, flybilete.

Søk i enkel kartløysing (Geoinnsyn)

Geoinnsyn inneheld eit søkefelt for t.d. gnr/bnr, vegadressa eller stadnamn. Søkefeltet fyller ut etter kvart som du skriv t.d. 11/297, Grovagjelet 16 eller Norheimsund.

Plankart

Det inneheld kommuneplanar, reguleringsplanar og kobling til orginal plankart og føresegner. Velg knapp for reguleringsplan, og dobbelklikk i kartet for å få fram meny for detaljar.

Temakart

Geoinnsyn inneheld og flybilete, kommunale eigedomar, forenkla kart, gråtonekart, grunnkart og eigedomskart.

Funksjonar

Geoinnsyn inneheld enkle funksjonar for avstands- og arealmåling, utskriftsfunksjon, m.m. Det er ein knapp til webinnsyn med meir kart og funksjonar. Du kan lage ei lenke til eit kartutsnitt og dele det med andre.

Lenke til Enkel kartløysing