Kommuneplan

Kommuneplanen er den overordna planen for Kvam herad. Kommunen skal ha ein arealplan for heile kommunen som syner samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Ein kommuneplan er samansett av ein arealdel og ein samfunnsdel.

Kommuneplan er ein styrande plan for all verksemd i kommunen. Formålet med kommuneplanen er å skapa ei langsiktig og forutsigbar arealbruk for innbyggarar i kommunen.

Kommuneplanens arealdel skal syna hovudtrekka i arealdisponeringa, gje greie for rammer og krav for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk, samt kva for viktige omsyn som må ivaretakast ved disponering av areala.

Arealdelen skal omfatta plankart, føresegner og planomtale. Dokumenta fortel korleis nasjonale mål og retningsliner, og overordna planar for arealbruk er ivaretatt. Plankartet skal i nødvendig utstrekning visa hovudformål og omsynssoner for bruk og vern av areal. Kommuneplanen skal i tillegg gje grunnlag for utarbeiding av kommunedelplanar og reguleringsplaner

Ein kommuneplan skal i prinsippet rullerast kontinuerleg med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innafor sine område. Heradsstyret skal minst ein gong i løpet av kvar valperiode vurdera om kommuneplanen skal rullerast eller framleis gjelda, og om det er trong for å føreta endringar i den. Dette vert fastlagt gjennom kommunens planstrategi. 

Kommunedelplan

Kommunedelplanar kan utarbeidast for eit avgrensa område eller tema. Slike delplanar kan til dømes gjelda for ein tettstad, hytteområde, kystsona mv. Kommundelplanar kan også utarbeidast for ulike tema som vatn- og avlaup, idrett- og kultur, trafikksikring o.l. 

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)