Plan- og byggesaker, generelt

Forskrift om gebyrregulativ for Kvam herad er heimla i følgjande lover:

Generelle reglar:

Betalingsplikt

Kvam herad fakturerer sine tenester etter gjeldande gebyrforskrift på søknadstidspunktet. Reduksjon av gebyr ved for sein sakshandsaming skjer i samsvar med lov og forskrift, sjå PBL §21-7MLF §16 d 5EL §7.

Faktura vert sendt til heimelshavar, tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid.

Fullt gebyr skal betalast sjølv om søknaden vert avslått, og betalingsfristen vert ikkje utsett ved klage på vedtak i saka. Gebyret har forfallsfrist på 21 dagar, og ved for sein betaling kjem purregebyr i samsvar med inkassoforskrifta.

Dersom byggesøknad vert trekt etter av løyve er gitt eller løyve går ut vert gebyret ikkje refundert.

Fastsetting av gebyr

Gebyret skal ikkje vere større enn heradet sine kostnader.

Ca. 10 % av byggesaksgebyret går til å dekke arbeidet med tilsyn etter plan- og bygningslova. Gebyret inkluderer ikkje utgifter til nødvendig bruk av sakkyndig bistand under tilsyn. 

Betalingstidspunkt

Hovudregelen er at gebyra skal betalast i etterkant av at tenestene er utført, og ved trinnvis sakshandsaming skal gebyret for forrige trinn vera betalt før neste vedtak. Kvam herad kan krevja førehandsbetaling dersom gebyr ikkje er betalt.

For saker som skal betalast etter medgått tid eller utlegg til fagkunnig bistand, kan Kvam herad fakturere akonto etter avtalt kostnadsoverslag.

Søknad om redusert gebyr

Det kan søkast om redusert gebyr dersom gebyret openbart er for høgt i forhold til Kvam herad sitt arbeid. Søknad om redusert gebyr skal vere grunngjeven.

Personlege og/eller sosiale tilhøve vert ikkje rekna som særleg grunn.

Rehabilitering og istandsetjing av eldre, verneverdige bygningar og tiltak som fører til betre miljø kan etter søknad verta fritekne gebyrplikta. Denne avgjersla er delegert til rådmannen.

Kvam herad sine kostnader til fagkunnig hjelp

Utlegg som Kvam herad har til fagkunnig hjelp kan ved store oppdrag fakturerast tiltakshavar månadsvis etter eit nærmare avtalt kostnadsoverslag.

Gebyr til statlege etatar

Utgifter til tinglysing og andre tilleggskostnader (t.d.dokumentavgift, m.m.), som ikkje kommunen skal dekka, skal refunderast frå heimelshavar, tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid.

Klage på gebyr

Gebyr er fastsatt ved forskrift, og det er ikkje høve til å klage på forskrift, jamfør forvaltningslova §§328 og 40.

Gebyr fastsett ved enkeltvedtak kan påklagast på vanleg måte etter forvaltningslova §28, og Fylkesmannen er klageinstans.