Vatn og avlaup

Gebyr i medhald av "Vass og avlaupsforskrift for Kvam herad", vedteke i Kvam heradsstyre, sak 075/16, 14. juni 2016.
 

Årsgebyr vatn Pris 2021
Omrekningsfaktor, bustadhus (stipulert forbruk) 2,2
Omrekningsfaktor, fritidshus (stipulert forbruk) 0,55
Abonnementsgebyr (fast gebyr) 2 471
Forbruksgebyr per kubikkmeter (målt eller stipulert) 19,06
Oppmøte i samband med avstenging og påsetjing av vatn ved manglande betaling 2 134
Oppmøte i samband med kontroll ved fritak §6 1 139
Årsgebyr avlaup Pris 2021
Omrekningsfaktor, bustadhus (stipulert forbruk) 2,2
Omrekningsfaktor, fritidshus (stipulert forbruk) 0,55
Abonnementsgebyr (fast gebyr) 1 975
Forbruksgebyr per kubikkmeter (målt eller stipulert) 17,78
Oppmøte i samband med kontroll ved fritak §6 1 139

25% meirverdiavgift er inkludert

Forbruksgebyr blir betalt av abonnentar med bustad- eller fritidshus, anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris per kubikkmeter, eller etter stipulert forbruk basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris per kubikkmeter.

Stipulert forbruk vert basert på utrekna bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris per kubikkmeter. Omrekningsfaktor for stipulert forbruk for kubikkmeter / kvadratmeter for bustad og fritidshus vert fastsett i samband med det årlege gebyrvedtaket. 

Følgjande bruksareal og vassforbruk skal leggjast til grunn for stipulert forbruk:

Bruksareal BRA

Grunnlag for utrekning (m2)

Omreknings-faktor, bustad

Stipulert forbruk, bustad (m3)

Stipulert forbruk, fritidshus (m3)

< 100 80 2,2 176 0,55 * 80 = 44
101 - 250 150 2,2 330 0,55 * 150 = 82,5
> 250 250 2,2 550 0,55 * 250 = 137,5

 

Tilknytingsgebyr, vatn og avlaup

Pris 2021

Tilknytingsgebyr, vatn 13 025
Tilknytingsgebyr, kloakk 13 025

25% meirverdiavgift er inkludert.

Særlege vilkår for tilknytingsgebyr:

  • For jordbruksverksemd vert tilknytingsgebyret rekna ut for samla bruksareal av våningshus og driftsbygning. For øvrige bygg vert det rekna separat tilknytingsgebyr etter vanlege reglar.
  • For bustad skal eingongsgebyret for tilknyting for høvesvis vassforsyning og avlaup utgjera eit fast beløp per eining
  • For andre bygg (til dømes næringsbygg) skal eingongsgebyret utgjera eit fast beløp per bygg, men perr eigedom dersom eit bygg er oppdelt i fleire eigedomar, til dømes gjennom seksjonering.