Kommunale barnehagar - satsar

Kvam herad fylgjer statlege satsar for makspris og gjeldande lovverk for moderasjonsordningar i tråd med forskrift om foreldrebetaling. 

Barnehage

Pris 2021

50 % barnehageplass, 2 dagar ei veke og 3 dagar neste veke

1 938

100 % barnehageplass, 5 dagar

3 230

Kjøp av enkeltdag

260

Matpengar, barnehage 100% plass 320

 

Full barnehageplass = 45 timar pr. veke. I barnehage er juli betalingsfri månad. Betaling skjer forskotsvis. Føresette kan seia opp plassen skriftleg med 3 månads varsel rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Det vert fakturert for 11 månader (juli månad er betalingsfri)

Inga hushaldning skal betala meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Hushaldningar med lågare samla brutto inntekt enn kr 592 167 kan søkja om redusert foreldrebetaling.

Familiar med låg inntekt har rett til gratis kjernetid i barnehagen for 2- 5 åringar. Frå 1. januar 2021 er inntektsgrensa prisjustert til kr 583 650.

Søskenmoderasjon

Pris 2021

1. born

100 %

2. born

70 %

Fleire born

50 %