Driftstilskot til lag og organisasjonar - KULTURMIDLAR

Frivillige lag og organisasjonar som driv kultur- og idrettsarbeid i Kvam herad kan søkja årleg driftstilskot ( kulturmidlar) til laget. Føremålet med tilskotet er å gje økonomisk tilskot slik at laget kan driva organisasjonen, kjøpa utstyr,- samt arrangera tiltak/aktivitetar etter føremålsparagrafen til laget. Idretts- og friluftslivorganisasjonar kan i tillegg søkja driftstilskot til lagseigde anlegg. Lag som gjennom året gjev tilbod til funksjonshemma medlemer kan søkja tilskot til dette.

Kommersielle aktørar, fylkeskommunale/kommunale institusjonar, yrkes-/utdanningsorganisasjonar og brukar- og interesseorganisasjonar kjem ikkje inn under ordninga

Søknadsskjema

Det kan søkjast driftstilskot frå desse tilskotsordningane:

  • Barne- og ungdomslag
  • Idrett- og friluftslivorganisasjonar
  • Kor, skulemusikk-/musikklag og orkester
  • Andre lag som driv kulturelt arbeid
  • Driftstilskot til lagseigde idrettslanlegg

 

Søknadsskjema/-frist

Søknadsfrist er 1. mars kvart år. Søknadsskjema er elektronisk, og vert lagt ut i slutten av januar kvart år. Søknader som kjem etter fristen vert ikkje handsama.

Frist for innsending av vedlegg/tilleggsinformasjon er 30.november kvart år. Tilskot vert ikkje utbetalt før alle bilag er innsende, og ein kan ikkje overføra tilskot til neste kalendarår.

Tilskot kultur

 

Anna

Lag som mottek driftstilskot frå Kvam herad må akseptera følgjekort.

Ein kan forventa svar på søknaden innan 1.juni.

Mary Ann Sørheim
Kulturkonsulent og kinosjef
E-post
Telefon 56 55 69 06