Fritidskortet

Klikk for stort bileteMe er glade for den flotte ordninga me har i Kvam med fritidskortet. Ordninga inneber at born og unge mellom 6 og 18 år som er busette i Kvam får 900 kroner i halvåret til å betala deltakaravgift for faste, organiserte fritidsaktivitetar. ​På lista over aktivitetar i Kvam finn du også Kvam kulturskule.

Me oppmodar alle som ikkje endå har registrert seg som brukarar av fritidskortet om å gjere det. Her finn de ei god oppskrift på både korleis ein oppretter kortet og korleis ein brukar det.

Lukke til!