Om Bornas verdsdag

Bornas verdsdag (BVD) er ein familiefestival og ein møtestad med kunst- og kulturuttrykk frå ulike stadar i verda. Samarbeid vert oppretta på kryss og tvers, mellom organisasjonar, institusjonar og personar. Verkstadar, konsertar og aktivitetar fyller Norheimsund skule denne dagen.

Hovudmålgruppa for verkstadsaktivitetane er born i alderen 0-12 år med deira vaksne. Men alle er hjarteleg velkomne til å ta turen innom, kjenne på stemninga og kjøpe mat i den internasjonale kafeen. Verkstadtilboda tilpassast ulike aldersgrupper og vert lagt opp til at born og vaksne kan gjera noko saman. Sanseinntrykk som synet av dekor eller lukt og smak frå internasjonal mat bidreg til ei heilskapleg oppleving av denne gratisreisa mellom verdshjørna. Bornas Verdsdag har vore arrangert av Rikskonsertane/Kulturtanken i samarbeid med Oslo World Music Festival sidan 1999. Sidan 2008 har dei arbeidd med å spreia arrangementet og idéen vidare til andre stader i landet.

Etter ein detaljert, skriftleg søknad til Rikskonsertane/Kulturtanken fekk Kvam kulturskule tildelt arrangementet frå 2013, som einaste BVD-arrangement i Hordaland.

Hovudmålet for sjølve arrangementsdagen

BVD skal vera ein arena som knyter menneske saman gjennom engasjement og samarbeid kring arrangementet. Samhandling og meistringskjensle på tvers av kulturar, religionar, kjønn og alder er verdfullt og skapar tilhøyrsle, tryggleik og betre samhald i lokalsamfunnet – både mellom enkeltindivid og involverte organisasjonar og institusjonar. På Bornas verdsdag legg ein til rette for minnerike møte på tvers av kulturar og generasjonar, noko som kan bidra til å skape forståing, minske avstand og utvide den kulturelle horisonten vår.

Klikk for stort bilete.