Bornas verdsdag sundag 17. november!


Klikk for stort bilete
 

For sjuande gong kan du kan vere med på verkstadar med kurdisk dans, norsk folkesong, rytmer og tromming. Du kan besøke Eventyrhola, det vert ein spanande animasjonsverkstad der ein lagar ein film saman. Og på måleriet kan du få lage di "perle" til ein stor og flott bringeklut! Dei minste kan få vere med på ein eventyrtur "under vatn"
Det vert internasjonal matmarknad med mat frå ulike kantar av verda.

Verdsscena i idretthallen får du først opning av dagen kl 11:30. Då vert alle aktivitetane kort presentert før du kan gå på rundtur i "verda". På Taffelscena i idrettshallen får du også møte mange av kulturskulen sine elevar og lærarar.

Kl 15:30 er det duka for ein feiande flott avslutningskonsert.