Vox - norsk med musisk vri

Vox er eit samarbeid mellom vaksenopplæringa i Kvam og kulturskulen. Det er god støtte å synge og musisere når ein lærar seg eit nytt språk. Me arbeider mest med den auditive sida av språket; lyttar uttale og lydar. Framfor alt er fokus i gruppa på å sjå kvarandre og dele, kjenne oss fri når me møtast i song, rytme og rørsle. Me nyttar flest norske songtekstar, men vert inspirert av musikk frå alle verdsdelar. Me kling godt saman!