Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er eit nasjonalt satsingsfelt. Kvam herad har fylgjande mål for Den kulturelle skulesekken (DKS):

Den kulturelle skulesekken skal sikre eit profesjonelt kunsttilbod i skulen på ein måte som understøttar det pedagogiske arbeidet og bidreg til realisering av skulen sine læreplanmål.

Måla med programmet er:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag.
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.
  • å gje born oppleving av kunst og styrke deira skaparevne.
  • å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering.

I Kvam herad vert Den kulturelle skulesekken organisert via kulturskulen.