Samarbeid barnehage - Kulturskule

Klikk for stort bileteI mai og juni vert det song- og forteljarstund med "Barn Bok Blues og Bolle" i alle barnehagane i Kvam!
Laila Sagstad Fosso og Ben Milenkovic er på vegen for å spreie musikk- og leseglede i ein barnehage nær deg!

Kvam kulturskule ynskjer å vere ein naturleg samarbeidspart for barnehagane i Kvam. Me ynskjer å bistå dersom det er behov for råd om korleis barnehagane kan leggja opp til enkle song- og musikkstunder. I tillegg håpar me at me med besøk i dei ulike barnehagane  kan stimulere det kunstnariske og musiske barnet. 

I fleire år har Kulturskulen invitert barnehagane i heradet med på samarbeid kring det årlege arrangementet Bornas verdsdag. Hausten 2019 var kulturskulelærarar  i barnehagane med eit songprosjekt, Songfuglar, knytt til Bornas Verdsdag.

I februar vart dei eldste borna i Norheimsund barnehage og Sandven FUS barnehage samla til øving hjå kulturskulen, og song under ein avdukingskonsert i det nye flotte KFL-bygget

Klikk for stort bilete