A-laget

A-laget er ein glad gjeng som møtast annakvar måndag, og som likar spesielt godt songar med tekst som Åkken bom og Mannen han gjekk seg i vedaskog. Då ler me godt av «bileta» me får i hovudet. Rytmiske rørslesongar er også heilt topp – me likar song- og ringdansar. Og så likar me veldig godt når me får opptre på Kakaokonsertar i Kabuso.

A-laget sine medlemer er ungdom og vaksne som treng tilrettelagt song og musikkundervisning. Kjenner du nokon fleire som vil vere med oss?


Kontaktperson for A-laget, Laila Sagstad Fosso, held i tillegg fram med tilpassa forteljarstunder i Biblioteket for Onsdagsklubben 2-3 gongar i halvåret.