Meld deg på UKM!

UKM-bobla_bla_2500 - Klikk for stort bilete

UKM (Ung Kultur Møtes) er eit arrangement for deg mellom 13 og 20 år. Her kan du syngja, spela, dansa, stilla ut foto, bilete du har måla, lesa opp dikt, og anna. Finn fram di kreative side og del den med andre! 

Årets UKM vert arrangert i Norheimsund idrettshall søndag 17.februar 2019 - Påmeldinga er open fram til 3. februar.

Meir info om ukm og påmelding finn du på nettsida: https://ukm.no/kvam/

Håpar at nett du melder deg på, slik at me får ei flott framsyning i februar!