Alle barn og unge mellom 6 og 18 år har sitt eige fritidskort med tusen kroner på. Fritidskortet kan brukast til å betala deltakaravgift for faste, organiserte fritidsaktivitetar for vårsemesteret 2022. Fritidskortet er digitalt og kan hentast og brukast i kvam.friskus.com. I Friskus kan ein også få oversikt over alle fritidsaktivitetane i Kvam.
Dersom ein ynskjer å få hjelp til å bruka Friskus, eller har spørsmål om fritidskortet, kan ein ta kontakt på e-post (krisve@kvam.kommune.no) eller telefon (900 50 018). Kvar onsdag mellom 14:30 og 16:30 er me også tilgjengelege på Fritidskontoret på Grannehjelpa.
Målet for oss som jobbar med Fritidskortet, er at alle barn og unge i Kvam skal få kjenna at dei har ein stad å høyra til der dei kan oppleva meistring. Me set derfor stor pris på å innspel frå unge og foreldre.
Velkomen til ei verdifull fritid :)
Korleis kan me hjelpa deg?
- Gå inn på kvam.friskus.com. Det er ei føremon å nytta nettlesaren Chrome.
- Lag deg ein personlig brukerkonto gjennom å trykka "Logg inn" oppe til høgre, og følgja instruksane.
- Trykk “Bli arrangør" øvst på sida, dersom de ikkje allereie har gjort dette
- Gå inn på arrangørsida dykkar og trykk på “Fritidskortet”, og deretter "Koble til fritidskortet".
- Fyll inn dykkar informasjon (og trykk deretter "Bekreft"):
- Kontonummer: konto der medlemmer betaler inn i dag
- Om de bruker KID eller ikkje
- Om ein må betale heile fakturaen i ein flyt
- Link: direktelink til medlemssystem i dykkar organisasjon (om de ikkje har dette, legg inn heimeside eller t.d. side på Facebook).
- Litt informasjon om pris og tilbud
- Gå inn på kvam.friskus.com. Det er ei føremon å nytta nettlesaren Chrome.
- Lag deg ein personleg brukarkonto gjennom å klikka på "Logg inn" oppe til høgre og følgja instruksane.
- Gå inn på din profil og trykk på "Fritidskort".
- Trykk på "Hent fritidskortet" og følg stega vidare.
- Velg organisasjonen du / barnet ynskjer å nytta Fritidskortet på, og trykk "Gå til arrangør".
- Trykk på "Fritidskortet" til høgre under biletet til arrangøren.
- Trykk i den fyrste boksen (Fritidskort*) og vel fritidskortet du ynskjer å nytta.
- Fyll ut fakturanummer og namnet til barnet.
- Legg inn totalbeløpet på fakturaen.
- Trykk på "Betal faktura". Dersom det er eit restbeløp, må dette betalast direkte til arrangøren.
For å søkja om å få betalt attende pengar for kontingent som allereie er betalt, bruker du eit eige digitalt søknadsskjema.
Fristen for å søkja refusjon for våren 2022 er 1.7.22.
Dersom du ikkje har personnummer, men D-nummer, kan du henta og bruka Fritidskortet på kvam.friskus.com.
Når du hentar Fritidskortet må du verifisera deg. Dette gjer du via ID-porten. Her kan du velja mellom MinID, Buypass eller Commfides.
Slik skaffar du deg elektronisk ID (link heile teksten): https://eid.difi.no/nb/id-porten/slik-skaffer-du-deg-elektronisk-id
Når du skal legge til Fritidskort for barnet ditt, oppgir du personnummer eller D-nummer til barnet.
Meir om Fritidskortet:
Fritidskortet er eit tilbod til alle mellom 6 og 18 år som er folkeregistret i Kvam. På fritidskortet får ein 1000 kroner i halvåret som kan brukast på ein eller fleire fritidsaktivitetar. Deltaking i fritidsaktivitetar eit viktig for å få oppleva gode fellesskap og meiningsfull aktivitet. Målet med Fritidskortet er at endå fleire barn og unge i Kvam skal delta i fritidsaktivitetar saman med venner og klassekameratar over tid. Deltaking i fritidsaktivitetar eit viktig middel for å førebyggja utanforskap.
Kvam herad er ein av 12 kommunar som har søkt og fått tilskot frå Bufdir til å gjennomføra eit pilotforsøk med Fritidskort frå august 2020 til august 2021. I januar 2021 vart prøveordninga utvida til å gjelda også for hausten 2021 og våren 2022. I same periode vert verdien på kvart fritidskort auka til 1000 kr. Kva som vil skje med ordninga etter at prosjektperioden er over, vil verta avklart i løpet av våren 2022.
Kva dekker Fritidskortet?
Fritidskortet kan nyttast til deltakaravgift på ein eller fleire aktivitetar opp til 1000 kroner per halvår. Fritidskortet kan ikkje nyttast på utstyr, leirar, samlingar, opplevingar, ferietilbod eller eigenorganiserte aktivitetar (t.d. kino).
Når du betaler deltakaravgift brukar du giroen/betalingsinformasjon frå organisasjonen og tastar inn totalbeløpet. Fritidskortet vert belasta med inntil kr 1000,- og de betalar restbeløpet sjølve i eigen nettbank. Sjå boks over: "Eg vil bruka fritidskortpengar" eller last ned brukarrettleiing her: Brukarrettleiing til Friskus (PDF, 405 kB).
Fritidskortet Pluss
Dersom ein har utfordringar med å betala for fritidsaktivitetar som kostar meir enn 1000 kroner, kan ein ta kontakt med prosjektleiar Kristin Lundblad om ordninga Fritidskortet Pluss.
Fristar for bruk av Fritidskortet?
Fristen for å bruka pengar på Fritidskortet for våren 2022, er 31.07.22. Fristen for å søkja refusjon for kontingent du allereie har betalt er 01.07.22.(Merk: refusjonsordninga er meint som ei løysing dersom ein av ulike årsaker har måtta betala for fritidsaktivitetar utanom Friskus. Som hovudregel skal ein betala med fritidskortet i Friskus).
Kva er krava til lag og organisasjonar i ordninga?
• Aktiviteten må gjennomførast/føregå minimum 6 gonger pr. halvår
• Aktivitetane skal vera for born og unge som er folkeregistrerte i Kvam og som er i alderen 6-18 år
• Det må vera mogeleg med ein prøveperiode før barnet/ungdommen bind seg til aktiviteten (og følgjeleg betaler for å delta)
• Trenarar / aktivitetsleiarar skal ha gyldig politiattest
• Kostnader for aktivitet bør ikkje auka ut over normal prisvekst
• Aktivitetstilbydarar skal kreva inn kontigent/deltakaravgift via eit fakturasystem.
Fleire spørsmål? Noko anna du lurar på? Ta kontakt med prosjektleiar Kristin Lundblad på e-post eller tlf. 900 58 018